Blytung vektløyse
Phelimuncasis andre album er fylt med afrofuturistisk forteljartradisjonsdansemusikk.
Phelimuncasi
Ama Gogela:
Nyege Nyege Tapes
Elektronisk musikk
Det kenyanske labelet Nyege Nyege Tapes kjem med den eine utgjevinga etter den andre med framifrå, særeigen musikk frå breidda og lengda til det afrikanske kontinentet. Albumet Ama Gogela, signert trioen Phelimuncasi, er kalla opp etter ei svær bie, og er proppfull av susande, brummande beats som stryk mjukt og taktfast over trommehinnene med skarp brodd som pirkar rundt djupt inni sjelslivet.
Bandet er del av Durbans gqom-scene, kjent for ei særeigen form for elektronisk dansemusikk kjenneteikna av buldrande, langstrekte maskinbasstrommdrønn som rullar av garde i djupet av sub-bass-registeret og polyrytmiske perkusjonsmønster der house, afrobeat og tradisjonsmusikk er vovne saman til lydbilete med underleg futuristisk preg.
På Ama Gogela har trioen alliert seg med gqom-produsentar som DJ MP3 og DJ Scotum samt Net Gala frå Sør-Korea. Albumet er inspirert av sørafrikansk scenekunst- og forteljartradisjon. Her blir grensa mellom den velkjente, underleg organiske klangen av den klassiske 808-trommesynthen, afrikanske akustiske perkusjonsinstrument og beatboxing-liknande rytmiske stønn, hyl, tungeklikk og forvridde strupehovudstøytar viska ut. Det er som den frilynte leiken med vokalar, konsonantar, forvridde strupehovud, gutturale lydar, song og rap transcenderer språkbarrierar og uttalar ei useieleg meining.
Musikken får ein – underteikna skribent, til dømes – til å gjere seg nokre tankar om kva kommunikasjon kan hende i grunn er. Medan føtene trampar laust og taktfast av garde utan mål, men med meining, då.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.