Bonderangel
Amandine Beyers «Fire årstider»-tolking er alt anna enn heismusikalsk.
Den franske barokkfiolinisten Amandine Beyer.
Foto: Óscar Vázquez
CD
Antonio Vivaldi:
Le quattro stagioni
Amandine Beyer, fiolin; Gli Incogniti. Alpha 2008/2024
Eg lyt vedgå at eg lenge har hatt eit distansert forhold til Antonio Vivaldis (1671–1741) Dei fire årstidene – nettopp av di verket er så allstadnærverande. For kor mange gonger har me vel ikkje høyrt det som bakgrunnsmusikk i italienske restaurantar og i hotellheisar, eller i filmar og på fjernsynsreklamar?
Typisk for klassiskinnspelingane som blir brukte som «heismusikk», er at dei oftast er dårlege. På Vivaldis mest vidgjetne verk er det pengar å tena, difor blir dette gjerne spelt inn av middelmåtige prosjektorkester som skjønar seg lite på barokkmusikk. I tillegg er dynamikken (lydstyrken) på slike innspelingar oftast utjamna, av di bakgrunnsmusikken jo skal spelast på lågt volum. Det som skal vera svakt, blir for sterkt, og omvendt. Dei store dynamiske kontrastane som denne musikken verkeleg treng, forsvinn.
Sonettar
Vanlegvis blir det også berre spelt einskildsatsar, noko som er lite gagnleg, for denne samlinga med fire solokonsertar er det næraste me kjem ei forteljing i instrumentalmusikken. I notane Vivaldi gav ut i 1725, er det nemleg prenta ein sonett (mest truleg skriven av komponisten sjølv) framføre kvar av konsertane. Desse verbale natur- og folkelivsskildringane dannar grunnlaget for den musikalske framstillinga.
Barokkfiolinisten Amandine Beyer, som har vitja Festspillene i Bergen fleire gonger, relanserer no debutalbumet sitt frå 2008. Ynskjer du ei tolking som ikkje er heismusikalsk, er det eit godt alternativ. Musiseringa hennar struttar nemleg av forteljarglede og har så krasse dynamiske og artikulatoriske kontrastar at restaurantbesøkande ville sett pizzaen i halsen.
Antonio Vivaldi (1671–1741) på ein karikatur frå samtida.
Børseskot
Innspelinga har lita besetning, med berre éin musikar per strykestemme. Orkestermusikken får slik eit kammermusikalsk preg som mogleggjer fin dialog mellom instrumenta. Me kan ta den fjerde konserten, L’autunno (hausten) som døme.
«Med song og dans feirar bonden gleda ved ei rik avling, oppelda av Bacchus’ brennevin endar mange festen i søvn», står det i diktet til fyrstesatsen (spor 14). Vivaldi skildrar rusen med røft rustikke rytmar, i ein runddans der utbrota til solofiolinen kling som musikalske hallingspark. Søvnen får me i andresatsen (spor 15), der einskildtonane til strykarane strekkjer seg over fleire taktar om gongen. Berre dei slumrande akkordane i cembaloen og lutten skaper framdrift.
I tredjesatsen (spor 15) har bøndene kome seg til hektene etter rusen. Nokon bondeanger er ikkje å spora: «Jegerane nærmar seg ved daggry, med horn, hundar og børser dreg dei på jakt.» Motoren i satsen – den tredelte, svingane rytmen i strykarane – blir med jamne mellomrom avbroten av hornsignal og børseskot i solofiolinen, smell som kjem som ekko i orkesteret.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.