JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Brannmeister Berlin

Det trønderske universalgeniet stod mellom to epokar i musikkhistoria.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johann Daniel Berlin (1714–1787) var organist i Nidarosdomen. Domkyrkja er her framstilt på eit koparstikk frå 1762.

2861
20241018
2861
20241018

Standard­innspelinga

Johan Daniel Berlin, Johan Heinrich Berlin:

Orkestermusikk

Alexandra Opsahl, zink; Norsk Barokkorkester; fiolin og leiing: Gottfried von der Goltz. Simax 2014

For ti år sidan gav Norsk Barokkorkester ut eit album med noko så uvanleg som trøndersk barokkmusikk. Albumet har ikkje stått urørt i platehylla mi sidan den tid, for ikkje berre er musikken og musiseringa framifrå. Livshistoria til komponisten er verkeleg «verd å skriva heim om», som engelskmennene plar seia.

Som dei fleste profesjonelle musikarar i Noreg på 1700-talet ætta Johan Daniel Berlin (1714–1787) frå det tyske kulturområdet. Han kom til verda i prøyssiske Memel i dagens Litauen og gjekk i lære hjå stadsmusikanten i København. I 1737 blei han kongeleg privilegert «stadsmusicus» i Trondheim, ei stilling som innebar monopol på alle offentlege og private musikkframføringar i byen og omlandet. Tre år seinare overtok han òg organistposten i Nidarosdomen, noko som i tillegg sikra han kontroll over all kyrkjemusikk.

Brannmeister

I dag er Berlin hugsa som forfattaren av Musicaliske Elementer frå 1744, den aller fyrste musikklæreboka utgjeven i Danmark-Noreg. Men denne ambisjonsrike og vitelystne mannen var meir enn musikar. Han var Trondheims «Ober-Brandmæster» og styrar for vassverket, og i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs skriftserie publiserte han om alt frå eigne meteorologiske observasjonar til ei sjølvkonstruert treskjemaskin.

Som komponist står han mellom to epokar i musikkhistoria, nemleg seinbarokken og den førklassiske stilen som ein gjerne kallar «galant». Instrumenteringa av to verk på Norsk Barokkorkesters plate kan tena som døme.

Gammalt og nytt

Sinfonia a 5 i D-dur (spor 4–6) er i grunnen ein «moderne» solokonsert i tradisjonen etter venetianaren Vivaldi. Forvitneleg er valet av soloinstrumentet zinke, eit svakt bøygd blåseinstrument som blir gripe som ei blokkfløyte, men blåst som ein trompet. Zinken hadde si blømingstid i fyrste halvdel av 1600-talet, men på Berlins tid godt utpå 1700-talet var han gått fullstendig av moten i kunstmusikken. Å høyra dette arkaiske instrumentet – som her blir briljant traktert av Alexandra Opsahl – i så galant musikk, er like underleg som stiga inn i ein splitter ny Tesla og oppdaga ein integrert kassettspelar.

Den rake motsetninga byr Sinfonia a 8 (spor 7–9) på, som er fullt på høgd med si tid. Berlin nyttar her nemleg klarinett, eit heilt nytt instrument den gongen som sjølv ikkje store hofforkester i Tyskland og Austerrike hadde teke i bruk enno. I norsk samanheng er sinfoniaen ein milepåle, for dette er det fyrste dømet me har på klarinettbruk i orkestersamanheng her til lands.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis