Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Bratwurst med ketsjup og sennep

Charli XCXs Brat-remixalbum er annleis, stadig brat, men ikkje like bra som Brat.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1993
20241025
1993
20241025

Pop

Charli XCX:

Brat and it’s completely different but also still brat

Atlantic

Kamala Harris-kampanjen tok i bruk brat-memet etter at den britiske hyperpopartisten Charli XCX stadfesta på sosiale medium at «Kamala IS brat», dermed vart denne sommaren ein brat summer, og no er det tydelegvis ein Brat and it’s completely different but also still brat-haust. Forstå det den som kan, men popmusikken har tydelegvis innverknad på den politiske røynda.

Det er tale om eit remiks­album spekka med kjende gjesteartistar, og gildet startar, til liks med Brat, med ein låt som heiter «360». Her stiller svenske Robyn og rapparen Yung Lean opp på vokal, og det er greitt. «Club classics featuring bb tricks» er omkalfatra med ei repeterande vokalsampling som går på tvers av pulsen i låten, og går etter kvart over til ein pannekakepaddeflat UK Garage-liknande beat medan synthbassen når stadig høgare intensitetsnivå. Det røskar godt i bein og knoklar, dette.

«Sympathy is a knife» er blant favorittlåtane mine frå Brat, og remiksen har like godt Ariana Grande på vokal. Tolkinga av låtmaterialet er knapt til å kjenne att – produksjonen tar nokre underlege vendingar, men er definitivt meir prega av poppunk enn den merksnodige originalen. Fjerdesporet «I might say something stupid (featuring the 1975 and Jon Hopkins)» får underteikna fnatt av, av di herrevokalen er så sår og kjenslevar. Kan hende skal det skjere i hjartet, og det vil eg tydelegvis ikkje ha noko av i dag.

Nokre småsvulstige spor seinare tek stemninga seg opp: «365 featuring shygirl» får hjartet til å pumpe. «Guess featuring Billie Eilish» har òg snert; teksten om undertøy er festleg. Om dette er ei naudsynt remiksplate anar eg ikkje, men Brat and it’s completely different but also still brat er til dels bra, om enn ujamn.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis