JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Charli xcxistensiell krise

Charli xcx tar (tøffe) tak i tiktokkriser og jagar sin eigen hale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1997
20240614
1997
20240614

Hyperpop

Charli xcx:

Brat and it’s the same but there’s three more songs so it’s not

Atlantic

Brat er det sjette studioalbumet til Charli xcx. Her ser dronninga av hyperpopsjangeren, som går over overflata til popen, tilbake på tida som tenårings-it-girl på kule festar.

Albumet opnar med «360», og sidan eg ikkje veit at «Julia» refererer til Julia Fox, ein profilert italiensk-amerikansk skodespelar som debuterte i Uncut Gems og seinare har blitt enda meir kjend for sin eksentriske stil og online presence, hjelpte det å sjå musikkvideoen, der eit slags merksemdsøkonomisk kjendiskartell konspirerer om å gjere servitøren viral. På «Club Classics», som kan bli ein klubbklassikar, har eg-personen god greie på klubbklassikarar og vil danse med seg sjølv. Ifølgje Charli blir ei it-girl ein brat når ho er usikker.

På «I think about it all the time» går snørrungen rundt i Stockholm og tenkjer – seriøst – på livet for – seriøst – første gong. Seriøst. Ho høyrer på seg sjølv på iPhone (ifølgje ein fan på tekstnettstaden Genius.com, tenkjer ho ikkje på sponsoravtalen med Samsung).

Det er som skorne er tronge; verselinene er liksom pressa inn i melodien, dei passar lizzm ikkje inn i strukturen; uttrykket liknar «Bad Lip Reader», YouTube-kanalen der nye songar er tufta på og tilpassa musikkvideoar og filmklipp utan lyd.

Popkulturen byggjer på seg sjølv, overflate blir fundament, og det er fort gjort å gløyme fordi ein må følgje så godt med for å ikkje bli gløymd. Tre dagar etter Brat, kom Brat and it’s the same but there’s three more songs so it’s not, som er Brat men samtidig ikkje fordi det har tre songar til. Dei er fine, men «Hello goodbye» minner svært mykje om Tove Los «Grapefruit» og «Guess» om ein raplåt eg ikkje hugsar heilt, og «Spring Breakers» Azaelia Banks eller noko anna – ti år gamalt.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar, fast musikkmeldar i Dag og Tid og kunstnar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis