JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Den syngande tromma

Etienne Nillesen slår ikkje på tromma, men reindyrkar dei klanglege kvalitetane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etienne Nillesen arbeider for tida ved musikkakademiet ArtEZ i Arnheim i Nederland, der han underviser i improvisasjon og trommer.

Foto: Urs Schmid / Sofa Music

1662
20240906
1662
20240906

Samtidsmusikk

Etienne Nillesen:

en

Sofa Music

Den nederlandske slagverkaren Etienne Nillesen har laga noko så sjeldsynt som ei heil plate med solo skarptromme. Det er tale om ein dryg halvtimes samanhengande musikk, der alt er spelt inn i eitt strekk og utan elektronisk manipulasjon eller redigering.

Vanlegvis er skarptromma eit instrument ein slår på, men slik er det ikkje her. Ved hjelp av ymse alternativ til dei tradisjonelle trommestikkene, og sirkulære rørsler varsamt over trommeskinnet får Nillesen fram dei klanglege og syngande kvalitetane til tromma. Dette er med andre ord så langt frå marsjmusikk og energisk jazz- eller rocketromming ein kan koma.

Stilistisk sett er dette i slekt med minimalismen, og det er ein meditativ tilstandsmusikk, men keisamt er det ikkje. Merksemda til lydaren vert dregen mot dei ørsmå nyansane og endringane i lyden, som gradvis skifter mellom å vera syngande, skrapande og pulserande.

Men sjølve slaget, som gjev namn til instrumentariet ein vanlegvis kallar slagverk (eller percussion på engelsk), høyrer ein aldri her. Tilsynelatande er dette enkel musikk, med varsame verkemiddel, men likevel oppstår ein klangleg kompleksitet nettopp fordi utøvaren dveler ved nyansane og dei langsame endringane i lydbiletet.

Denne plata føyer seg fint inn i rekka av det norske plateselskapet Sofas mange utgjevingar av musikk som ikkje passar inn i nokon tradisjonell sjanger, og der utøvarane nyttar alternative speleteknikkar.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis