Dobbeltjubileum
Bachfest Leipzig feirar Luthers salmar og Bachs koralkantatar.
Thomaskyrkja i Leipzig, Bachs arbeidsstad gjennom 27 år.
Foto: Sjur Haga Bringeland
«Ikkje alle musikarar trur på Gud, men alle trur på Johann Sebastian Bach», sa den argentinske komponisten Mauricio Kagel. Eg kom til å tenkja på dette under Bachfest, som i år hadde ein ny vri: Publikum fekk utdelt eit forseggjort notehefte med alle koralane (salmane) som finst i Bachs andre kantateårgang. Denne såkalla «koralkantateårgangen» inneheld 66 einskildkantatar, som blei framførte på 16 konsertar i løpet av dei ti festivaldagane. Med noteheftet i hand blei tilhøyrarane oppmoda om å syngja med på tre salmevers i kvar kantate – til fullt orgel- og orkesterakkompagnement, leia av dirigenten.
På konsertane eg var på, stemde dei aller fleste i. Kor mange i den særs internasjonale lyttarskaren som går til kristen gudsteneste jamleg, eller reknar seg som kristne i det heile, veit eg ikkje. Men det er nok monaleg færre enn dei som song. Det som sameinte folk, var fyrst og fremst Bachs musikk.
Salmesyklus
Festivaltemaet i år var eit dobbeltjubileum: 500 år har gått sidan Luther i Wittenberg gav ut den fyrste evangeliske salmeboka og slik grunnla den stolte protestantiske songtradisjonen som framleis lever. Og no i juni det er 300 år sidan Bach byrja på sin mest ambisiøse kyrkjemusikalske syklus, koralkantateårgangen frå 1724 og 1725. Dette med å komponera kyrkjemusikk for alle sundagane og helgedagane i kyrkjeåret hadde han også gjort året før. Det nye med koralkantatane var at alle verka tok utgangspunkt i éin salme og var laga einskapleg etter fylgjande mønster:
Fyrst kjem ein stor kor- og orkestersats i polyfon stil, der den originale salmen blir sungen langsamt i éi av dei fire korstemmene, med mange nykomponerte motstemmer til. Så kjem ei rekkje resitativ (talesong) og ariar, som er poetiske omdiktingar av den originale salmeteksten, med nye melodiar av Bach. Som avslutning kjem så atter eit salmevers, no i form av ein enkel, firstemmig korsats med salmemelodien i sopranstemma. Det var i desse avslutningsnummera me som publikum fekk syngja med – slik skikken også var ved kantategudstenester i mange tyske byar i barokken.
Ryggrada
Omfanget imponerer: Dei nærare 160 framsyningane involverte 3700 utøvarar, fordelte på kring 60 kor, 40 orkester, 50 dirigentar og 200 songsolistar. Konsertserien med koralkantatane, der 30 kor frå fem kontinent medverka, danna «ryggrada» i programmet. Men festivalen baud også på annan musikk av Bachs komponistkollegaer og eldre tyske komponistar. Nemnast skal også dei mange gratis artistsamtalane og føredraga med renommerte musikkforskarar, arrangement som blei simultanomsette til engelsk via trådlause øyretelefonar som publikum får låna.
Det er dette som gjer Bachfest i Leipzig så spesiell: at det kunstnarlege og vitskaplege er bunde så godt saman – festivalens kunstnarlege leiar Michael Maul er òg ein av verdas leiande Bach-forskarar – og at me får oppleva musikken i Nikolaikyrkja og Thomaskyrkja, der thomaskantoren gjekk ut og inn i 27 år.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal