Dokumentarfilmen som Alex Gibney har laga om Paul Simon, vert ståande som definitiv.
Gamle opptak kastar nytt lys over Paul Simon som nyleg fylte 83 år.
Foto:
Dokumentarfilm
Regi: Alex Gibney
In Restless Dreams: The Music of Paul Simon
USA 2023
«Eg er nok svært medviten om at du er her med kameraet ditt», seier Paul Simon til filmskaparen Alex Gibney nokre minutt uti In Restless Dreams: The Music of Paul Simon, før han legg til, typisk lakonisk: «Då vert eg oppteken av å spele bra.»
Filmskaparen har nett spurt artisten kva for tankar som går gjennom hovudet hans idet han framfører det vi no kjenner som «Seven Psalms», musikkstykket han gav ut i fjor.
Alt ligg til rette for eit svar fullt av kunstnarlege klisjear, av like delar mystikk og metafysikk, men i staden for å late som om Gibney er fluge på veggen i heimestudioet han er invitert inn i, seier Simon det som det er, utan å kokettere – noko som gjer denne, og fleire andre scener i denne dokumentarfilmen, desto meir autentiske.
Overgangen er elegant når Gibney så hoppar fleire tiår tilbake i neste klipp, der Simon er i eit platestudio saman med Art Garfunkel, og kommenterer kameraets nærvær også der, medan han reflekterer over korleis ein låtskrivar og ein fotograf nærmar seg det biletlege på ulike måtar. Som dokumentarsubjekt kan legender som Simon vere vrine å komme tett på, fordi dei over tid har vorte vande med å posere, å spele rolla som seg sjølv.
Handverket
Med eit omfang på tre og ein halv time kan In Restless Dreams romme eit slikt metanivå, som elles er sjeldan i slike filmar. Det passar godt for Paul Simon, som er ein reflektert og velartikulert type og kan tenkje høgt rundt songane sine og livet som artist på ein interessant måte.
Særleg er det spennande å høyre kva han seier om handverket som ikkje berre har gitt han eit levebrød, men har gjort han til ein av dei mest lovprisa kunstnarane i sitt fag.
I utgangspunktet fekk Gibney vere der når Simon fann vegen fram til det som vart Seven Psalms. Ved å filosofere over det kreative arbeidet vart artisten likevel uunngåeleg dregen tilbake til erfaringar frå eit heilt liv. I staden for å kutte dette tilbakeskodande elementet og redusere materialet til rein lanseringsfilm, reindyrkar Gibney den assosiative rikdomen og lèt koplingane spele seg ut, i rike passasjar der arkivmaterialet får spele ei sentral rolle. Dermed har In Restless Dreams noko for alle, også for dei som kjenner karrieren godt.
Uortodokse element
Gamle opptak kastar nytt lys på underomtalte delar av Simons biografi, og då i særleg grad perioden i London tidleg i tjueåra hans. Den høgt respekterte dokumentaristen Gibney inkluderer fleire uortodokse element og gir dei raust med rom: Både klippa frå «Songs of America», ein TV-spesial frå hausten 1969, og Simons deltaking på Saturday Night Live – med eit kosteleg klipp der han spelar basketball mot legenda Connie Hawkins, som kanskje meir enn noko anna eg har sett, vitnar om Simons evne til sjølvironi – er med på å teikne eit rikare bilete av artisten enn det eg har sett før. Ikkje minst er det også tid til sjølve musikken i denne filmen.
Simon fylte 83 for nokre dagar sidan, og han er i ein fase av livet der han ønskjer å ha eit ord med i laget når historia/historiene om han skal forteljast. Han er også privilegert nok til å kunne velje kronikørar frå øvste hylle. Lydboka Miracle and Wonder: Conversations with Paul Simon (2021) gav Malcolm Gladwell og Bruce Headlam, som fekk tretti timar med samtalar dei kunne redigere utifrå, unik tilgang til artisten. Det same har Alex Gibney fått. Her tenkjer nok Simon som Paul McCartney (82), som har late folk som Peter Jackson og Rick Rubin spele liknande roller: La forteljarar med integritet verkeleg få sleppe til, på premissar dei er med på å definere – så vert resultatet truleg bra.
In Restless Dreams vert vist på Bergen Internasjonale Filmfestival 20. oktober.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.