JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Eit liv i ein song

Ein ny film om Leonard Cohen brukar «Hallelujah» som omdreiingspunkt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dokumentarfilmen skildrar livet og karrieren til Leonhard Cohen gjennom éin einskild song, «Hallelujah».

Foto frå filmen

4063
20211029
4063
20211029

Film

Regi: Daniel Geller og Dayna Goldfine

Hallelujah: Leonard Cohen, a Journey, a Song

USA 2021

Du veit Leonard Cohens «Hallelujah»? Sjansen er rimeleg stor for at du nikkar når du les spørsmålet. Det finst nemleg ein type song som har så sterke klangbotnar at han etter kvart finn vegen inn i både private og offentlege seremoniar av vidt ulik art, får ein sentral plass på tvers av generasjonar og slik skrir over si opphavlege, historiske forankring i sjanger, uttrykksform og tydingsrom – og «Hallelujah» er ein slik.

Difor fann Daniel Geller og Dayna Goldfine, regissørane av ein ny film om Leonard Cohen, Hallelujah: Leonard Cohen, a Journey, a Song, komposisjonen tenleg som eit omdreiingspunkt for si forteljing om artisten. Dokumentaren er ny av året og vart vist på Bergen Internasjonale Filmfestival i veka som gjekk.

Anekdotar

«Hallelujah», som først kom ut på Various Positions (1984), er sjølvsagt alt myteomspunnen. Cohen sleit i årevis med teksten, og i filmen får vi sjå notatbøkene han fylte med verseliner. Dei var det mange av – somme meiner han til slutt sat på 80 strofer, og nokre av linjene skal han ha laga eit par hundre versjonar av. Eg er glad for at Geller og Goldfine tek seg tid til å dvele ved dei indre motsetnadene komposisjonen rommar, mellom det åndelege og det sekulære, i staden for å haste vidare, for der ligg kjernen i Cohens kamp med materialet.

Det skader heller ikkje at det er plass til godt kjende anekdotar som står seg. Under eit møte mellom Cohen og Dylan på ein kafé i Paris vart Cohen spurd kor lang tid han hadde brukt på «Hallelujah». Det tok åtte år, sa han og returnerte spørsmålet til Dylan: Kor lang tid trong han på «I and I» (1983)? Eit kvarter, var svaret.

Filmen brukar ein del tid på det uhyrlege faktum at plateselskapet Columbia ikkje ville gi ut Various Positions på den amerikanske marknaden, noko som gjorde at songen lenge var relativt obskur (Dylan tok for sin del raskt til å framføre songen på konsert). Det er bra at filmskaparane tek seg tid til å gå i detalj i det som vidare hende, for transformasjonen komposisjonen gjekk gjennom i reviderte versjonar ved Cohen sjølv, og særleg tolkingar av John Cale (Fragments of a Rainy Season, 1992) og deretter Jeff Buckley (1966–1997) (Grace, 1994), er avgjerande for det mangslungne live til songen.

Ironiske vendingar

Forteljinga om «Hallelujah» er full av ironiske vendingar. Ein smått sensurert variant av Cales versjon fann usannsynleg nok vegen inn i animasjonsfilmen Shrek (2001) og fekk dermed eit globalt massepublikum, og det var slik songen hamna i alskens songkonkurransar, i bryllaup og i minneseremoniar. På denne kronglete vegen fordampar det nakne og vonde i Cohens opphavlege versjonar rett som det er i sentimentalitet og patos, men slik har også songen vorte allemannseige. Fortel meg kva for versjon av «Hallelujah» som er din favoritt, og eg skal fortelje deg kven du er, kan ein vel nesten seie.

Nokre relativt ferske intervju laga for filmen er viktige, og då særleg dei med produsent John Lissauer, forfattar og altmoglegmann Larry «Ratso» Sloman og den store fasilitatatoren og kuratoren Hal Willner.

Det som verkeleg lyser her, er likevel arkivmaterialet med Cohen sjølv, som det er vanskeleg å få for mykje av. Det vert, og kjem til å verte, laga fleire filmar om denne store artisten, og for ein filmskapar er det naudsynt med eit forteljegrep som gir forteljinga ein eigen identitet utover ein generell presentasjon.

Det er mangt i Cohens liv som ikkje vert teke opp i Geller og Goldfines film, men ved å ta utgangspunkt i éin enkelt song er dei i stand til å fortelje ein heil del om kva slags underleg reise ein unik låt som dette kan leggje ut på, til same tid som dei får brukt han som eit slags prisme vi kan sjå Cohens låtkunst gjennom. Det gjer Hallelujah: Leonard Cohen, a Journey, a Song til ei givande stund for gamle og nye Cohen-lyttarar.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis