Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Jazz
Henriette Eilertsen & OJKOS:
Om tålmodighet
Lyder Øvreås Røed og Tancred Heyerdahl Husø, trompet; Magnus Murphy Joelson, Johannes Fosse Solvang og Andreas Rotevatn, trombone; Henriette Eilertsen, fløyte; Camilla Hole, sopransaksofon; Tina Lægreid Olsen, barytonsaksofon og bassklarinett; Joel Ring, cello; Mike McCormick, gitar og elektronikk; Arne Martin Nybo, gitar; Alexander Hoholm, bass; Knut Kvifte Nesheim, trommer. Nice Things Records
Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo (OJKOS) er inne i eit generasjonsskifte. I løpet av 2024 vil orkesteret ha ny besetning. Om tålmodighet er slik sett Eilertsens siste natt med gjengen. Dei ti låtane blei spelte inn i desember 2021 og er alle førte i pennen av Henriette Eilertsen. «Velkomen i verda» er skriven saman med Andreas Rotevatn.
Fløytist og komponist Henriette Eilertsen.
Foto: Ketil Hardy
I presseskrivet vert det sagt at musikken reflekterer over tolsemd i musikken og livet generelt. Det er vanskeleg å argumentera for at innhaldet på plata set tolsemda til lyttaren på prøve. Det skjer noko interessant i musikken heile tida, sjølv om det av og til skjer på minimalistisk vis. Likevel gjev tittelen meining. Det meditative er ein sentral komponent i uttrykket.
Nokre låtar er stramt komponerte og arrangerte, til dømes «Proletaren og kammerater» som har kimen i seg til å bli eit større verk, medan andre låtar er meir diffuse bakteppe til solistiske ytringar. Å skapa ein velfungerande «musikalsk scenografi» til ein solo er krevjande. Den kunsten kan Eilertsen. Tancred Heyerdahl Husøs kor på «Springer i Coimbra» og Eilertsens solo i «Dorging ved midnatt» er gode døme, men høgdepunktet er Andreas Rotevatns historieforteljing i «Mesta lagi». Her byggjer Eilertsen opp forventning gjennom ein lang intro.
Henriette Eilertsen med fløyte til venstre på biletet av OJKOS.
Foto: Kat Gade
I tillegg til å gje rom for mange solistiske bidrag brukar Eilertsen ulike delar av orkestrert for å prega dei ulike låtane og skapar såleis fin variasjon. Eilertsen har teke farvel med OJKOS, eit vakkert og verdig farvel.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media