For blodfansen
Ny plate med Coltrane gjev lite nytt.
Jazz
John Coltrane:
Evenings at The Village Gate
John Coltrane, sopran- og tenorsaksofon; Eric Dolphy, bassklarinett og fløyte; McCoy Tyner, piano, Reggie Workman og Art Davis (5), bass og Elvin Jones, trommer.
Impulse
Det tynnest ut med uoppdaga innspelingar av dei store meistrane, men framleis lever draumen om at den heilage gralen skal finnast på eit eller anna roteloft. Ymse arvingar og plateselskap har økonomiske interesser i å halda liv i mytologien. I dag kjem siste skotet på stuven, Evenings at The Village Gate. Opptaka er frå august 1961 og blei gjorde av lydteknikaren på staden, Rich Alderson. Å påstå at han hadde ei heldig hand med oppgåva, vil vera å ta litt hardt i.
Dolphy var fast medlem av bandet til Coltrane dette året, og musikken skapte reaksjonar. Down Beat-kritikaren John Tynan skildra musikken som «musical nonsense being peddled in the name of jazz» med referanse til engasjementet som bandet hadde på Village Vanguard i byrjinga av november, og som ein kan lytta til i heilskap på The Complete 1961 Village Vanguard.
Dei fem låtane på den nye utgjevinga er kjent stoff, «My Favorite Things», «When Lights Are Low», «Impressions», «Greensleeves» og «Africa», men det er eit stykke mellom drammane.
Soprankoret til Coltrane og Dolphys «rundvask» av «When Lights Are Low» er minneverdige nok. Duetten mellom Workman og Davies på «Africa» illustrerer godt kvifor Coltrane brukte to bassar i innspelingar og konsertar på denne tida, men lyden på innspelinga er så dårleg at dette i første rekkje vil engasjera studentar, forskarar og blodfans av Coltrane.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
John Coltrane:
Evenings at The Village Gate
John Coltrane, sopran- og tenorsaksofon; Eric Dolphy, bassklarinett og fløyte; McCoy Tyner, piano, Reggie Workman og Art Davis (5), bass og Elvin Jones, trommer.
Impulse
Det tynnest ut med uoppdaga innspelingar av dei store meistrane, men framleis lever draumen om at den heilage gralen skal finnast på eit eller anna roteloft. Ymse arvingar og plateselskap har økonomiske interesser i å halda liv i mytologien. I dag kjem siste skotet på stuven, Evenings at The Village Gate. Opptaka er frå august 1961 og blei gjorde av lydteknikaren på staden, Rich Alderson. Å påstå at han hadde ei heldig hand med oppgåva, vil vera å ta litt hardt i.
Dolphy var fast medlem av bandet til Coltrane dette året, og musikken skapte reaksjonar. Down Beat-kritikaren John Tynan skildra musikken som «musical nonsense being peddled in the name of jazz» med referanse til engasjementet som bandet hadde på Village Vanguard i byrjinga av november, og som ein kan lytta til i heilskap på The Complete 1961 Village Vanguard.
Dei fem låtane på den nye utgjevinga er kjent stoff, «My Favorite Things», «When Lights Are Low», «Impressions», «Greensleeves» og «Africa», men det er eit stykke mellom drammane.
Soprankoret til Coltrane og Dolphys «rundvask» av «When Lights Are Low» er minneverdige nok. Duetten mellom Workman og Davies på «Africa» illustrerer godt kvifor Coltrane brukte to bassar i innspelingar og konsertar på denne tida, men lyden på innspelinga er så dårleg at dette i første rekkje vil engasjera studentar, forskarar og blodfans av Coltrane.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.