Forunderleg parodipolka
Ei snurrig djupne oppstår i sidestillinga av lettbeinte, parodiske coverlåtar og tilsikta overdriven dramatisk filmmusikk.
Daniel Radcliffe i rolla som «Weird Al» Yankovic i filmen som er regissert av Eric Appel.
Foto frå filmen
Geek rock / filmmusikk
«Weird Al» Yankovic:
Weird: The Al Yankovic Story (OST)
Ear Booker / Legacy
Recordings
Den satiriske dokudramakomedien Weird: The Al Yankovic Story er laust basert på den amerikanske musikaren «Weird Al» Yankovics (f. 1959) liv og lagnad. Vi lærer om ambisjonen og drivkrafta til den unge musikaren, magisk og meisterleg spelt av Harry Potter (Daniel Radcliffe): å bli trekkspelvirtuos i ein «ekstremt spesifikk» musikksjanger som i store trekk går ut på å finne på nye tekstar til songar som alt eksisterer.
Det heile startar med ein lagnadstung moralpreike: «Livet er som ein parodi av favorittsongen din: Straks du trur du kan teksten: Overrasking! Du veit ingenting.» Ganske riktig: Her blir Knack-songen «My Sharona» til «My Balogna» (for høvet ein nyinnspelt versjon av Yankovics debutsingel frå 1979), Queens «Another One Bites the Dust» blir «Another One Rides the Bus», Madonnas «Like a Virgin», «Like a Surgeon», og – om ein tar kronologien i filmen for god fisk – Yankovics «Eat It» blei til Michael Jacksons «Beat It». «Now You Know» (ein kommentar til rulleteksten – og den nemnde introduksjonen) er derimot ein splitter ny, original Yankovic-komposisjon.
Opphavet til og utviklinga av ordet weird er samansett og har å gjere med det merkelege, artige, overnaturlege, trolske, ja, sjølve lagnaden: Urd, ei av dei tre nornene som spann lagnadstrådane ved røtene til Yggdrasil, verdstreet i norrøn mytologi, er blant dei etymologiske røtene til omgrepet, som har med vriding, endring og vrikking å gjere. Det er spinnvilt, innfløkt, såre enkelt – nett som musikken til «Weird Al». Som Einar Guldvog Staalesen så klokt sa i Mørkets opplevelser på P2: Humor er noko av det alvorlegaste som finst.
«Weird Al» speler på Folketeateret i Oslo i februar. Det har eg tenkt å få med meg.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, DJ, taskenspelar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.