Framifrå trioplate
Dag Arnesen har halde vareteljing.
Det nye albumet til Dag Arnesen innheld eigne komposisjonar.
Foto: Kay Berg / Mule Music
Jazz
Dag Arnesen trio:
Ice Breaking
Dag Arnesen, piano; Magne Thormodsæter, bass; Øyvind Skarbø, trommer.
Losen Records
Mange har konstatert den sterke Oslo-slagsida i NRK-serien Jazzeventyret, og tydlegast av alt fråværet av bergensjazzen. Det var ikkje tilfeldig at dei to første platene på selskapet til Norsk forum, Odin, var med gitaristen Thorgeir Stubø frå Narvik og Dag Arnesen og bandet Ny bris frå Bergen. Dag Arnesen har med eit par års unnatak hatt base i Bergen, der han har vore ei sentral kraft i jazzlivet i byen. At det har vore sutlaust å koma seg på heimekampane til Brann, har sjølvsagt vore ein bonus.
På Ice Breaking er han attende i yndlingsformatet, trioen. Han lèt Grieg vera Grieg og konsentrerer seg om eigne låtar, både nye og gamle. Dei ni låtane er ein fargerik bukett som spenner frå lyriske balladar som «A Special Memory», «Podstrana» og «After Dinner» til Miles-hyllinga «Bim Bam Bom» med ein klar referanse til «It’s about That Time» og eit Tony Williams-aktig trommespel frå Skarbø.
Eit meir enn tydeleg bukk i retning Thelonius Monk finn ein i ein av mine favorittar, «That’s OK». Solopartiet i overgangen frå tema til improvisasjon har ein bergtakande rytmisk nerve, og 4/4-sekvensen mellom Thormodsæter og Skarbø er berre så passande.
Ei plate med Arnesen inneheld oftast komposisjonar med sterke kontrastar og rytmiske krumspring, og denne er ikkje noko unnatak. Tittelkuttet og «Jumping Around» er eksempla på denne plata. Spesielt førstnemnde viser også fram Arnesen i fri flukt som improvisator. Også her er Thormodsæter og Skarbø med på å setja stempelet sitt på låten med ei glitrande idéutveksling. Dag Arnesen anno 2024 er framleis relevant.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.
Foto: Another World Entertainment
Svartkvitt mareritt
Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.
Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.
Foto: Sean Murphy / AP / NTB
Ein uunnverleg alliert
Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.