Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
CD
Johann Abraham Schmikerer:
Musico-
Instrumentalische Gemüths-Lust
L’arpa festante. CPO 2024
L’arpa festante er eit produktivt barokkorkester med over 50 albumutgjevingar. I år kjem to nye. Den fyrste, med tyske hornkonsertar frå tidleg 1700-tal, blei meld i Dag og Tid førre veke. Hornet som orkesterinstrument var ein kulturimport frå det franske hoffet, og her ligg tangeringspunktet med den andre plata, eit dobbeltalbum med det kansellistilaktige namnet Musico-Instrumentalische Gemüths
-Lust.
Tittelen – «Instrumentalmusikalsk lynneslyst» på norsk – er namnet på ei orkestersuitesamling i fransk stil av Johann Abraham Schmikerer (1682–1762). Livet hans veit me lite om, bortsett frå at han var frå Augsburg i Bayern, der han var styrar for Fuggerei. Dette eldste sosiale bustadprosjektet i verda som enno er i drift, blei stifta av den rike bankierslekta Fugger i 1521. Framleis kan trengande augsburgarar bu der – til ei årsleige på 88 cent, mot at dei éin gong om dagen seier truvedkjenninga og ber fadervår og ave-maria for stiftarane.
Versailles-feber
Schmikerers orkestersuitar blei prenta i 1712, i ei tid då store og små tyske fyrstar la all si ære i å etterlikna hoffkulturen til «solkongen» Ludvig XIV i Versailles. Dei bygde seg «mini-versailles-ar» med hagar, statuar og fontener, dei konverserte på fransk, kledde seg fransk, åt fransk, hyrte franske orkestermusikarar – og dansa franske hoffdansar.
Kvar av Schmikerers sju orkestersuitar har sju slike stiliserte dansesatsar. Om me skal vera heilt korrekte, talar me her om «ouverturesuitar». Kvar dansesuite opnar nemleg med den særeigne typen ouverture som franske operaar og ballettar alltid har. Hjå Schmikerer er ouverturane todelte: fyrst eit roleg parti i staseleg punkterte rytmar (spelt når fyrsten steig inn i salen), så ein snøgg, fugeaktig del (spelt etter at han hadde sett seg).
Denne importerte musikkforma blei ein så integrert del av tysk og austerriksk musikkliv at me kan tala om særs vellukka kulturell appropriasjon. Både Händel og J.S. Bach komponerte mange av slaget, men rekorden held Telemann, med mange hundre.
Oppjaga
Som komponist syner Schmikerer solid musikarhandverk, sjølv om ingen ting tyder på at han hadde noka omfattande utdanning i faget. Særleg likar eg dei dramatisk poengterte og stundom harmonisk originale ouverturane, som L’arpa festante framfører med engasjert elan. Ouverturen til den tredje suiten (CD 1, spor 17) er med si tragisk-heroiske mollstemning spesielt vellukka og hadde høvd perfekt til ein
alvorsam opera med antikt tema.
Når det gjeld dansane, som har namn som «Allemande», «Courante» og «Sarabande», tykkjer eg orkesteret stundom ikkje girar nok ned i dei langsame satsane. I dei snøgge – den oppjaga «Gigue»-en i sjuande suiten (CD 2, spor 15), til dømes – læt det derimot ypparleg.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.