Fransk eleganse
Oslo Kammerakademis medlemer er virtuosar kvar for seg.
Blåseensemblet Oslo Kammerakademi nyttar historiske messinginstrument i musikken frå 1700- og 1800-talet.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
CD
Gounod, Koechlin, Schmitt, Gouvy, d’Indy:
Chansons et danses
Oslo Kammerakademi; obo og leiing: David Friedemann Strunck. Lawo 2021
«Harmonimusikk», kallar me blåseinstrumentensembla med kring åtte musikarar som blei populære i Wien i 1770-åra, der dei forsynte adel og høgborgarskap med taffelmusikk og friluftskonsertar. Ofte var repertoaret omarbeidingar av verk for andre besetningar. Oslo Kammerakademi, som nyttar historiske messinginstrument i musikken frå 1700- og 1800-talet, har spelt inn slike harmonimusikkarrangement før: Beethovens sjuande symfoni på Beethoven for Wind Octet ( 2012) og delar av Mozart-operaen La clemenza di Tito på Mozart for Wind Octet (2017).
Charles Gounod
Chansons et danses er namnet på det nyaste albumet deira, der me får fransk kammermusikk for blåsarar frå tiåra før og etter 1900 som står i framhaldet av den gamle harmonimusikktradisjonen. Fleire av komposisjonane er nok ukjende også for andre enn meg. Det er difor leitt at teksten i omslagsheftet ikkje skildrar sjølve verka, men berre listar opp historisk-biografiske fakta.
Mest kjend er nok Charles Gounods (1818–1893) Petite symphonie, op. 216 (1885). Denne nonetten (for ni blåsarar) byr på liten motstand for lyttaren. Her er noko av elegansen til Mozart og munterheita til den unge Beethoven. Dei songlege temaa blir utvikla friksjonslaust – i mangel på betre ord kan me kalla dette «klangmusikk», for når det gjeld klang, er Gounod ein sann meister.
Melodiane er derimot tidvis temmeleg preglause. Den livfulle tredjesatsen «Scherzo. Allegro moderato» vekkjer assosiasjonar til eit muntert jaktlag på 1700-talet, med hestar og jakthorn og det heile. Det er i grunnen noko nostalgisk ved stykket, litt som kjensla eg får når eg ser svartkvittbilete frå gamle oppsetjingar av Holberg-komediar, der barokkparykkane er for pertentlege og kostyma for strigla.
Koechlin og d’Indy
Oslo Kammerakademis framføring er framifrå, med teknisk finesse og subtil dynamikk. (Når lydkvaliteten er så god som på denne plata, kjem det sistnemnde ekstra godt fram.) I dei solistiske partia merkar ein at ensemblemedlemene er virtuosar kvar for seg.
Slike solistiske parti får me i Septour d’instruments à vent, op. 165 (1937), av Charles Koechlin (1867–1950). Dette sofistikerte stykket kammermusikk for sju blåsarar er meir polyfont konsipert enn hjå Gounod, for klangen veks fram or lineføringa snarare enn or akkordane. Særleg kraft er det i sjettesatsen «Fugue», med markante horninnsatsar og drivane barokkrytmikk. Koechlins stil kan vel kallast neoklassisk. Det siste verket på plata har derimot seinromantiske trekk: Vincent d’Indys (1851–1931) Chanson et danses, op. 50 (1898), der Oslo Kammerakademi får fram orkestrale klangkvalitetar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.