Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ganske bra

Red Hot Chili Peppers’ 13. album er fullt av audmjuk og funky poprock med leiken og detaljert produksjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Red Hot Chili Peppers på den tyske musikkfestivalen Rock am Ring i 2016.

Foto: Sven Mandel / Wikipedia

1955
20220401
1955
20220401

Rock

Red Hot Chili Peppers:

Unlimited Love

Warner Music

Då eg såg fjorårets trommedokumentarfilm Count Me In, slo det meg at Red Hot Chili Peppers-trommeslagaren Chad Smith byrjar å bli vaksen, og det høyrest ut som heile bandet har stappa livserfaring inn i det nye albumet sitt. Dei har halde koken sidan 1983, og albumet som kjem ut i dag, 1. april, er ingen spøk.

Unlimited Love er studioalbum nummer 13 og kombinerer storbandsfunkrocken frå gjennombrotsplata Mothers Milk (1989) med popsensitiviteten til Californication (1999) og den leikne villskapen som pregar One Hot Minute (1994) og Blood Sugar Sex Magik (1991).

Opningssporet «Black Summer» er sårt, hardtslåande, mjukt, venleg, tungt og lett (ei kjensle som blir understreka av skogsbassinga og karatedansinga i musikkvideoen), og same adjektivkolleksjon kan brukast om den koselege og funky andre singellåten, «Poster Child», krydra med orgel, mystiske scratchelydar og kreative kor.

Produksjonen er detaljert: På «Aquatic Mouth Dance» viser bandet kor godt dei «kan» funk, og låten blir løfta forbi det stereotypiske med langstrekte blåsarimprovisasjonar i harmonisk dissonerande stereoseparasjon som minner om Ornette Coleman Double Quartets «Free Jazz».

Tekstane er fulle av snurrige poetiske ordspel framførte på audmjukt vis. Eg merkar at eg set pris på den lette og lite spektakulære, men underleg seriøse presentasjonen av enkle motiv i kombinasjon med subtile, sprø påfunn som dominerer albumet.

Unlimited Love er lite påtrengande, men oser av ein audmjuk sjølvtillit. Red Hot Chili Peppers byrjar vel å bli vaksne – dei har trass alt halde det gåande i 39 år i år og vore gjennom litt av kvart i rockelivet. Eg seier som stemma på slutten av spor tre: «Det var ganske bra.»

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar, DJ og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis