Grip tak i sjel og dansefot
Soul- og discodivaen Diana Ross seier det som det er med kraftfulle balladar og heftige danselåtar.
Pop
Diana Ross:
Thank You
Decca
Records
Diana Ross er kjend frå Motown-bandet The Supremes og for songar som «I’m Coming Out», «Ain’t No Mountain High Enough» og «Upside Down». Thank You, spelt inn under koronanedstengingane i 2020, er det 25. albumet til den 77 år unge artisten.
Tittelsporet er ein soul-pop-låt i medium tempo, og motstand er nyttelaust når houserytmane og dei oppløftande verselinene på andresporet, «If the World Just Danced», røskar fot og sjel opp frå den svevndyssande smarttelefonihypnosen med rota. Tredjesporet «All Is Well» er ei klassisk soul-pop-ballade av den gode, gamle, positive sorten, og fordelinga mellom balladar, mid-tempo soullåtar og sprettent dansegolvbelegg er om lag lik mellom dei tretten spora på «Thank You».
«Let’s do it together», syng Ross på «Let’s Do It», og albumet som heilskap er ei tydeleg påminning om vona i fellesskapet. Med enorm stemmeprakt og aura av livserfaring og kraft meistrar Ross å kommunisere sanningar det for oss ordinære folk kan vere pinleg berre å tenkje, til dømes på «Tomorrow», der discofaktoren er på maks: «Tomorrow starts with me, and you, and you – ain’t that the truth?»
Jo, det er faktisk sant, og eg er takksam for at Diana Ross bruker den musikalske autoriteten sin til å minne oss om at samhald og samhandling er nøkkelen til ei rettferdig framtid og samfunn.
Medan overtydinga Ross framfører balladane på Thank You med, er uimotståeleg, er det dei dansbare låtane i discotradisjonen som kjem til å bli verande i spelelista mi. «Ain’t it much better when we do it together now?» syng Ross på «If the World Just Danced», og det er ikkje anna å gjere enn å late seg røre og å røre på seg.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen