Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Jazz
Norma Winstone og Kit Downes:
Outpost of Dreams
Norma Winstone, vokal; Kit Downes, piano. ECM
Endeleg er Norma Winstone attende med plate, seks år etter den svært vellukka Descansado – Songs for Films. Samarbeidet med Kit Downes er relativt ferskt og oppstod tilfeldig fordi den faste pianisten til Winstone måtte melda avbod til nokre konsertar. Hell i uhell, kan ein trygt slå fast.
Winstone har skrive tekstane til ni av ti låtar. Ho freistar å avdekka den indre bodskapen i komposisjonane. «Det kjennest som eg er på leit etter ord som alt er i musikken», seier Winstone om måten ho skriv tekstar på.
Draumen er eit leiemotiv, eller dette diffuse grenselandet mellom røynd og draum. Ho er ofte på Hofmosk vis trekt mot kvelden, natta og mørkeret.
Det er mest ikkje til å tru at Winstone er i sitt 83. år. Ho har fullstendig kontroll på stemma, og den patinaen som stemma får med åra, har berre gjeve uttrykket ein ekstra sval eleganse. Downes akkompagnerer på minimalistisk vis, og ein må lytta konsentrert for å få med alle detaljar. Spelet til Downes forsterkar tematikken i tekstane, noko som gjer uttrykket spesielt fascinerande. Han har i tillegg komponert fire låtar, mellom andre eit av høgdepunkta: «Nocturne», som med opningsstrofene «Distant songs that haunt the evening/ Place her somewhere in the night/ Far beyond the broken promises/ There in the flickering fire she stands» representerer sjølve essensen i Outpost of Dreams.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Norma Winstone og Kit Downes:
Outpost of Dreams
Norma Winstone, vokal; Kit Downes, piano. ECM
Endeleg er Norma Winstone attende med plate, seks år etter den svært vellukka Descansado – Songs for Films. Samarbeidet med Kit Downes er relativt ferskt og oppstod tilfeldig fordi den faste pianisten til Winstone måtte melda avbod til nokre konsertar. Hell i uhell, kan ein trygt slå fast.
Winstone har skrive tekstane til ni av ti låtar. Ho freistar å avdekka den indre bodskapen i komposisjonane. «Det kjennest som eg er på leit etter ord som alt er i musikken», seier Winstone om måten ho skriv tekstar på.
Draumen er eit leiemotiv, eller dette diffuse grenselandet mellom røynd og draum. Ho er ofte på Hofmosk vis trekt mot kvelden, natta og mørkeret.
Det er mest ikkje til å tru at Winstone er i sitt 83. år. Ho har fullstendig kontroll på stemma, og den patinaen som stemma får med åra, har berre gjeve uttrykket ein ekstra sval eleganse. Downes akkompagnerer på minimalistisk vis, og ein må lytta konsentrert for å få med alle detaljar. Spelet til Downes forsterkar tematikken i tekstane, noko som gjer uttrykket spesielt fascinerande. Han har i tillegg komponert fire låtar, mellom andre eit av høgdepunkta: «Nocturne», som med opningsstrofene «Distant songs that haunt the evening/ Place her somewhere in the night/ Far beyond the broken promises/ There in the flickering fire she stands» representerer sjølve essensen i Outpost of Dreams.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.