Heilage lundar
Bundesjugendchors albumdebut tek oss til skogs.
Bundesjugendchor (stifta i 2021) er sett saman av unge og lovande korsongarar frå heile Tyskland.
Foto: Jakob Tillmann
CD
Reger, Fußeder, Mendelssohn, Schumann, Vernon, Kopp, Schafer, Ravel:
Waldeslust
Bundesjugendchor, dir.: Anne Kohler. Carus 2024
I tysk kulturhistorie spelar skogen den same rolla som fjellet her heime. Slik karrige fjell og dalar sidan romantikken er eit sublimt symbol på den nasjonale identiteten og folkelynnet vårt, har skogen – den storvaksne, gamle lauvskogen med stammer som gotiske katedralpilarar – sidan slutten av 1700-talet vore sinnbiletet på fridomen og krafta i det tyske.
Dette går vel attende til dei germanske eikelundane, der sigrande soldatar hengde krigstroféa sine på eiketre, trofé dei heidenske prestane kransa med eikelauv. Den angelsaksiske munken Bonifatius, som blir kalla «Apostelen til tyskarane» av di han på 700-talet kristna germanarstammene i dagens Tyskland, var ivrig på å fella desse heilage eiketrea i lundane som vel kan jamstillast med domkyrkjene til dei kristne. Den heilagaste av dei alle gjekk i bakken i 713 – den såkalla «Donareika», der Donar er den kontinentalgermanske nemninga for Tor.
Eikelauv blei eit tysk alternativ til den søreuropeiske laurbærkransen, både i poesien og i det militære. Medaljen til dei høgare klassane av den prøyssiske fortenestordenen jarnkrossen, stifta i 1813, er prydd med eikelauv.
Metafor
For det tyske publikummet er det difor meiningsmetta når koret Bundesjugendchor kallar debutalbumet sitt «Waldeslust» (Skogslyst, eller Skogsglede). Som dirigenten Anne Kohler skriv i omslagsheftet, er det skogen som skodeplass for mytar og fabelvesen, og som metafor på menneskesjela, dei vil presentera på «ei musikalsk reise gjennom underskogen».
Men også dei konkrete lydane i skogen får me høyra. I tittelverket, Elisabeth Fußeders (fødd 2000) Waldeslust for kor a capella, til dømes, greier komponisten å attskapa dei korte ekkoa mellom storvaksne trestammer.
Jaktromantikk
Livsglad skogsromantikk får me i «Jagdlied» (Jaktsong), op. 59 nr. 6, som demonstrerer kor virtuost Felix Mendelssohn Bartholdy (1809–1847) komponerte for blandakor. Eigentleg er stykket disponert som eit dobbeltkor mellom herre- og kvinnestemmene, og harmoniane er så luftige at kvart ord blir skjøneleg – noko også Bundesjugendchors tydelege diksjon bidreg til. Kontemplativ romantikk byr Robert Schumann (1810–1856) på i Der traurige Jäger (Den sorgsame jegeren), op. 75 nr. 3, som med reine, skrittvise korakkordar minner om gravferdssong.
Max Regers (1873–1916) Drei Chöre für gemischten Chor a capella, op. 39, har seinromantikkens metta harmoniske tekstur. I det fyrste nummeret, «Schweigen» (Tagnad), bit eg meg merke i dirigenten Kohlers subtile frasering. Dette er korleiing på sitt beste: Kvar frase har si eiga dynamiske utvikling, med herleg «svell» på tonen til dei unge og klåre røystene i Bundesjugendchor.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.