Heterogent i Håkonshallen
Den samspelte og allsidige duoen Urioste & Poster baud på eit svært blanda program.
Duo og ektepar: fiolinisten Elena Urioste og pianisten Tom Poster.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
Les også
Sopranen Allison Oakes som Salome (t.h.) og tenoren Hubert Francis som Herodes (andre frå venstre) i Grieghallen.

Hovud på eit fat
Les også
Leif Ove Andsnes og Marc-André Hamelin (i framgrunnen) bak kvart sitt flygel i Grieghallen.

For fire hender
Les også
Bergensaren Amalie Stalheim spelte med stor profesjonalitet.

Urpremiere

Festspelkonsert
Bull, Simpson, C. Schumann, Britten, Grant, Grieg:
Urioste & Poster
Elena Urioste, fiolin; Tom Poster, klaver.
Håkonshallen, torsdag 26. mai
Konserten med fiolinisten Elena Urioste og pianisten Tom Poster er éin av fleire festspelkonsertar som opphaveleg skulle gått av stabelen i fjor. På konserten i Håkonshallen torsdag førre veke presenterte dei mellom anna fersk musikk som har blitt til under pandemien, ein periode der ekteparet openbert har vore produktive.
På internett har dei publisert nærare 90 videoar med alt frå gamal, klassisk musikk til nye arrangement av pop og rock. (Poster er ein dyktig arrangør.) Konsertprogrammet deira spegla dette mangfaldet.
Kraftig kaskade
To av stykka var av nolevande komponistar. I An Essay of Love reflekterer Mark Simpson (fødd 1988) over pandemien. Verket opna med ein kraftfull klaverkaskade à la Griegs a-mollkonsert, før det gjekk over i eit svevande og vakkert parti med lint repeterte akkordar i klaveret.
Stykket kan kallast romantisk på den måten at det har tydeleg avgrensa delar som blir utvikla gjennom lange crescendoar til ein nærast aggressiv patos. Best likte eg dei klangsvake partia der komponisten greier å uttrykkja noko uvisst og framandt. Den «opne» avslutninga, der klangen ebbar ut – ja, nærast fordampar – i det høge registeret, fungerte bra.
Det andre nye verket hadde ein heilt annan karakter: Donald Grants (fødd 1980) Bha là eile ann (skotsk-gælisk for «Det var ein annan dag») utstrålte den avdempa, fatalistiske melankolien som er så typisk for irsk og skotsk folkemusikk. Framføringa var god, og verket var interessant på den måten at fiolinstemma akkompagnerte klaveret, og ikkje omvendt, som jo er det vanlege. (Framføringar med Urioste og Poster av begge desse verka kan lett søkjast opp på internett.)
Marsjerande mus
«Ikkje bli overraska om eg berre komponerer wienervalsar frå no av», skreiv den unge Benjamin Britten (1913–1976) til klaverlæraren sin i eit brev frå Wien i 1934. Der byrja han på det som skulle bli Suite for fiolin og klaver, op. 6. Den erkeengelske Britten gjorde heldigvis ikkje alvor av trugsmålet sitt, men suiten har ein vals som finale – ein fandenivaldsk vals.
Verket har humor, og det krev ein virtuos fiolinist, som jo Urioste er. Samspelet med Poster sat som det skulle og imponerte særleg i andresatsen, som er ein marsj – eller «musemarsj», som Urioste så treffande kalla han. Fiolinisten og pianisten spelar her nemleg annankvar note. Om me skal samanlikna med teateret, blir det som om to skodespelarar skulle framføra éin monolog saman der kvar seier fram annakvart ord. Om flyten skal bli god, er dette vanskeleg.
Statisk
Programmet som heilskap var ueinsarta, litt for ueinsarta etter min smak. Det byrja og slutta romantisk. Ei nokså dåmlaus framføring av Ole Bulls (1810–1880) «Sæterjentens søndag» (1848) opna det heile. Versjonen med klaverakkompagnement er problematisk, klaverstemma er jo så håplaust skrinn og statisk. Orkesterversjonen fungerer betre, for han dekkjer over kompositorisk veikskap med vakker klang.
Clara Schumanns (1819–1896) Tre romansar, op. 22 (1855), fengde meg heller ikkje, noko som ikkje berre hadde med framføringa å gjera. Rettnok er den tredje romansen, «Leidenschaftlich schnell» («Lidenskapleg raskt»), ikkje så verst. Men dei to fyrste satsane er temmeleg trasig komponerte.
Høgdepunktet
«I dag har jeg hatt 3 uker ferie, og i disse 3 uker har jeg skrevet en ny fiolinsonate», skreiv Edvard Grieg til ein dansk ven sommaren 1867. Resultatet av raptusen var Fiolinsonate nr. 2 i G-dur, op. 13, som er Griegs store nasjonale sonate. Ingen av dei andre kammermusikkverka hans er så gjennomsyra av norsk folkemusikk. Det vil seia: Grieg nyttar ikkje genuin folkemusikk, men melodiske og rytmiske impulsar frå folkemusikken, som han meistrar å innlemma i den klassisk-romantiske sonateforma. Tydelegast er det i yttersatsane, som har spenstig springarkarakter.
Urioste og Poster valde å ikkje framheva det rurale. Det er sjølvsagt lov. Dei gav oss ein elegant og kontinental Grieg, ein tolkingsmåte dei gjennomførte med overtyding.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Duoen gav oss ein elegant og kontinental Grieg.»
Sjur Haga Bringeland om Urioste & Poster
Les også
Sopranen Allison Oakes som Salome (t.h.) og tenoren Hubert Francis som Herodes (andre frå venstre) i Grieghallen.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
Hovud på eit fat
Les også
Leif Ove Andsnes og Marc-André Hamelin (i framgrunnen) bak kvart sitt flygel i Grieghallen.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
For fire hender
Les også
Bergensaren Amalie Stalheim spelte med stor profesjonalitet.
Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen
Urpremiere
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.