I italiensk smak
Justin Taylor syner oss Bachs sydlandske førebilete.
Den fransk-amerikanske cembalisten Justin Taylor.
Foto: Justin Taylor
CD
A. Scarlatti, B. Marcello, A. Vivaldi, J.S. Bach:
Bach & l’Italie
Justin Taylor, cembalo.
Alpha 2023
Sidan slutten av renessansen gjekk Italia for å vera «musikkens heimland», som gav impulsar til musikkutviklinga i heile Europa. På albumet Bach & l’Italie syner cembalisten Justin Taylor døme på påverknaden, med Johann Sebastian Bach (1685–1750) som «saksstudie». Sjølv om Bach aldri drog på studiereise til Italia, slik den jamaldrande landsmannen Händel gjorde, sette han seg grundig inn i den virtuose italienske stilen med sine enkle og songlege melodiar.
Bachs sjølvstudium gjekk føre seg gjennom å omarbeida orkesterverk av kjende meistrar til klaverinstrumenta cembalo og orgel. I tillegg komponerte han eigen musikk i «konserterande stil», den italienske komposisjonsforma i tre satsar (snøgg–sakte–snøgg) som har klåre vekslingar mellom tutti-parti, der heile orkesteret spelar med, og solo-parti, der solisten trer fram og orkesteret held seg attende. Desse vekslingane medfører ei karakteristisk dynamisk veksling mellom forte (sterkt) og piano (svakt).
Italiensk konsert
Bachs største sjølvstendige klaververk i slik konserterande stil er «Italiensk konsert», BWV 571, som ber originaltittelen Concerto nach Italiaenischen Gusto, altså «konsert etter italiensk smak». Vekslinga mellom tutti og solo kjem særleg godt fram på cembalo, som har «terrassedynamikk», med to tangentsett, der det eine kling sterkt og det andre svakt. Imitasjonen av den klangsvake solisten, som lyt kjempa mot resten av orkesteret, blir slik tydeleg – Bach presiserer dette eksplisitt i notane, der avsnitta er merkte med høvesvis piano eller forte.
«Italiensk konsert» er sjølvsagt med på Justin Taylors album, der han trakterer eit originalt cembalo frå kring 1730. (Dette er uvanleg, dei aller fleste innspelingane er nemleg med kopiar av gamle instrument.) Spelet hans er drivande rytmisk, særleg i sistesatsen «Presto», der straumen av åttandedelsnotar er som ein perpetuum mobile, men ikkje utan den ørvesle rytmiske fleksibiliteten som gjev musikken liv.
Eigne ornament
Men det mest interessante på plata er transkripsjonane av italiensk originalmusikk, for dei høyrer me langt sjeldnare. Antonio Vivaldis (1678–1741) frodige Fiolinkonsert i D-dur, op. 3 nr. 9 (hjå Bach BWV 972), er ein fest å lytta til. Dei fikse orkestereffektane i originalen får i klaverversjonen eit mest komisk skjer, særleg i byrjinga av sistesatsen «Allegro». Alessandro Marcellos (1673–1747) Obokonsert i d-moll, op. 1 (hjå Bach BWV 974), er også verd å nemna, for i den lyriske andresatsen «Adagio» har Bach prydd melodien med eigne ornament.
Justin Taylor har elles late seg inspirera av Bachs framgangsmåte. Han har sjølv transkribert den vakre «Largo»-satsen frå Vivaldis kjende Blokkfløytekonsert i C-dur, RV 443, til instrumentet sitt – på vellukka vis.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.