Ikkje akkurat A4
Papirfuglen markerer tiårsjubileum på Moskus-vis.
Jazz
Moskus:
Papirfuglen
Anja Lauvdal, synthar, cembalo, vocoder, piano og sampling; Fredrik Luhr Dietrichson, cello, mandolin og kontrabass; Hans Hulbækmo, trommer, perkusjon, munnharpe, trommemaskin, klokkespel og opptakar. Hubro
Å kalla Moskus ein pianotrio er sterkt misvisande. Moskus anno 2022 lèt seg ikkje setja i bås – sjølv i den romslege båsen pianotrio. Heilt sidan debuten Salmesykkel i 2012 har trioen vore på jakt etter nye uttrykk. Det har sikkert vore nyttig at medlemene i trioen har mange andre musikalske jern i elden. Dei tek kunstnarlege sjumilssteg ved kvar ny plateutgjeving.
Alle bidreg til utforskinga og komponeringa. Musikken er spelt inn live i Ugla studio på Nesodden med Morten Quenild bak spakane 9. og 10. desember i 2020. Gjennom innspelinga viskar dei ut skilje mellom det komponerte og det improviserte. Dei leikar hemingslaust med klangpaletten og dyrkar dei sterke kontrastane og ei minimalistisk tilnærming til det musikalske forløpet. Alt dette manifesterer seg i den fabelaktige «Hildegard». Tittellåten er nok eit døme på kor vellukka den leikande tilnærminga til skapingsprosessen er.
Den viktigaste kvaliteten ved plata er likevel korleis dei skapar ein heilskap av åtte kompositoriske skisser, til dømes «Hjorten i skogen». Det som ved første gjennomhøyring kan gje ei kjensle av noko fragmentarisk, føyer seg saman til ei heilt spesiell lytteoppleving. Papirfuglen er ei krevjande musikalsk oppdagingsreise som eg med glede tek om att og om att.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Moskus:
Papirfuglen
Anja Lauvdal, synthar, cembalo, vocoder, piano og sampling; Fredrik Luhr Dietrichson, cello, mandolin og kontrabass; Hans Hulbækmo, trommer, perkusjon, munnharpe, trommemaskin, klokkespel og opptakar. Hubro
Å kalla Moskus ein pianotrio er sterkt misvisande. Moskus anno 2022 lèt seg ikkje setja i bås – sjølv i den romslege båsen pianotrio. Heilt sidan debuten Salmesykkel i 2012 har trioen vore på jakt etter nye uttrykk. Det har sikkert vore nyttig at medlemene i trioen har mange andre musikalske jern i elden. Dei tek kunstnarlege sjumilssteg ved kvar ny plateutgjeving.
Alle bidreg til utforskinga og komponeringa. Musikken er spelt inn live i Ugla studio på Nesodden med Morten Quenild bak spakane 9. og 10. desember i 2020. Gjennom innspelinga viskar dei ut skilje mellom det komponerte og det improviserte. Dei leikar hemingslaust med klangpaletten og dyrkar dei sterke kontrastane og ei minimalistisk tilnærming til det musikalske forløpet. Alt dette manifesterer seg i den fabelaktige «Hildegard». Tittellåten er nok eit døme på kor vellukka den leikande tilnærminga til skapingsprosessen er.
Den viktigaste kvaliteten ved plata er likevel korleis dei skapar ein heilskap av åtte kompositoriske skisser, til dømes «Hjorten i skogen». Det som ved første gjennomhøyring kan gje ei kjensle av noko fragmentarisk, føyer seg saman til ei heilt spesiell lytteoppleving. Papirfuglen er ei krevjande musikalsk oppdagingsreise som eg med glede tek om att og om att.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.