Jakta på Dr. Dres tapte musikk
Hiphopveteranen Dr. Dre har mista ein telefon med seks splitter nye låtar (i eit dataspel).
Hiphop
Dr. Dre:
GTA Online: The Contract
Rockstar Games
Rapparen og produsenten Dr. Dre blei kjend for plata til gruppa N.W.A. Straight Outta Compton i 1988. Protestsongen «Fuck tha Police» blei ein hit, og det passar at gangstarap-veteranen dukkar opp i eit satirisk krim-spel.
Musikk har stått sentralt i spelserien Grand Theft Auto sidan første innslag i 1997. Lyddesignarane fekk ideen om å bruke bilradioen i spelet til å løfte fram ukjende undergrunnsartistar, men serien blei fort meir kommersiell. På radiokanalane i seinare utgåver spelar kjendisar som Axl Rose og Flying Lotus lisensiert musikk som har det med å forsvinne etter kvart som kontraktane med rettshavarane går ut.
Den nye GTA Online-episoden ?The Contract går ut på å finne Dr. Dres stolne telefon. Seks uutgjevne songar er på avvegar: Den dramatiske og funky «Falling Up» kan minne om Isaac Hayes’ Shaft-soundtrack; «Black Privilege» er ein hardbarka gangstarap-låt med hammond- og korsamplingar; «Diamond Mine» er meir svevande og melodiøs i uttrykket. Eminem rappar på «Gospel», Snoop Dogg på «ETA» og Rick Ross på «The Scenic Route». Alle spora har eit lummert, urbant og blaxploitation-film-aktig preg.
EP-en var tilgjengeleg på Spotify, Itunes og Tidal ei stund, men har forsvunne derifrå. Kan hende har det, i resonans med tittelen ?The Contract, med kontrakten mellom partane å gjere; kanskje var opplastinga til strøymetenestene, som eit ekko av datatjuveriet i spelet, eit tilfelle av piratverksemd. Uansett er det ei god samling songar som er vel verdt søket i GTA – eller andre stader – Online.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hiphop
Dr. Dre:
GTA Online: The Contract
Rockstar Games
Rapparen og produsenten Dr. Dre blei kjend for plata til gruppa N.W.A. Straight Outta Compton i 1988. Protestsongen «Fuck tha Police» blei ein hit, og det passar at gangstarap-veteranen dukkar opp i eit satirisk krim-spel.
Musikk har stått sentralt i spelserien Grand Theft Auto sidan første innslag i 1997. Lyddesignarane fekk ideen om å bruke bilradioen i spelet til å løfte fram ukjende undergrunnsartistar, men serien blei fort meir kommersiell. På radiokanalane i seinare utgåver spelar kjendisar som Axl Rose og Flying Lotus lisensiert musikk som har det med å forsvinne etter kvart som kontraktane med rettshavarane går ut.
Den nye GTA Online-episoden ?The Contract går ut på å finne Dr. Dres stolne telefon. Seks uutgjevne songar er på avvegar: Den dramatiske og funky «Falling Up» kan minne om Isaac Hayes’ Shaft-soundtrack; «Black Privilege» er ein hardbarka gangstarap-låt med hammond- og korsamplingar; «Diamond Mine» er meir svevande og melodiøs i uttrykket. Eminem rappar på «Gospel», Snoop Dogg på «ETA» og Rick Ross på «The Scenic Route». Alle spora har eit lummert, urbant og blaxploitation-film-aktig preg.
EP-en var tilgjengeleg på Spotify, Itunes og Tidal ei stund, men har forsvunne derifrå. Kan hende har det, i resonans med tittelen ?The Contract, med kontrakten mellom partane å gjere; kanskje var opplastinga til strøymetenestene, som eit ekko av datatjuveriet i spelet, eit tilfelle av piratverksemd. Uansett er det ei god samling songar som er vel verdt søket i GTA – eller andre stader – Online.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.