Junikantatar
To innspelingar som syner mangfaldet i Bachs koralkantateårgang.
I år er det 500 år sidan Luther gav ut den fyrste evangeliske salmeboka i Wittenberg. Bach forsynte seg flittig av den til kantatane sine.
Standardinnspelinga
Johann Sebastian Bach:
Bach Cantatas Vol. 1
Monteverdi Choir, English Baroque Soloists, dir.: John Eliot Gardiner. SDG 2005
Johann Sebastian Bach:
Bach Cantatas Vol. 2
Monteverdi Choir, English Baroque Soloists, dir.: John Eliot Gardiner. SDG 2010
Som det står i festspelbrevet frå Leipzig i denne avisa, er det i sommar 300 år sidan Johann Sebastian Bach (1685–1750) byrja på sin såkalla koralkantateårgang, der éin koral (altså salme) ligg til grunn for kvar kantate. Kva som kveikte Bach til prosjektet, veit me ikkje. Men det låg i naturen hans å skapa verksyklusar med sjølvpålagde avgrensingar, der han utforska kva som var mogleg innanfor éi form eller éin komposisjonsteknikk. Døme frå klaverlitteraturen er Wohltemperiertes Klavier, der han skreiv to sett preludium og fugar i alle dur- og molltoneartar, og Kunst der Fuge, der han med fjorten fugar og fire kanonar syner kva eitt einaste musikalsk tema kan nyttast til.
I koralkantatane utnytta Bach salmematerialet maksimalt og la si sjel i variasjon, altså å komponera mest mogleg ulike verk frå veke til veke. Dei innleiande korsatsane i stykka som har 300-årsjubileum no i juni, kan tena som døme.
Tre kantatar
I den fyrste kantaten i årgangen, O Ewigkeit, du Donnerwort, BWV 20, som blei urframført 11. juni 1724, har opningssatsen form som ein fransk operaouverture. Han er verdsleg og moderne. Sundagen etter er stilen diametralt motsett: Kantaten Ach Gott, vom Himmel sieh darein, BWV 2, byrjar med ein strengt polyfon korsats av typen som var vanleg hundre år før Bach. Var det det at salmemelodien som ligg til grunn, blei komponert av Luther sjølv, som fekk Bach til å komponera så arkaisk?
Seks dagar etter var det jonsok, og no er tonespråket italiensk og konserterande. Christ unser Herr zum Jordan kam, BWV 7, opnar med ein livfull korsats der den virtuose solofiolinen illustrerer bylgjene på elva Jordan som Johannes døypte Jesus i.
Nynna med
Bachs motivasjon for kantateårgangen kan ha vore av pragmatisk art. Kyrkjelyden i Leipzig kunne jo salmane ut og inn, og det ein kjenner att, bit ein seg merke i – og nynnar kanskje med. Interessant i denne samanhengen er noko eleven og etterfylgjaren hans som kantor ved Thomaskyrkja, Johann Friedrich Doles (1715–1797), skreiv til ein ven om tida si som kyrkjemusikar i Freiberg søraust i Sachsen:
«Du veit jo at folk i Freiberg brukte å lesa i bøker før preika, og etter preika gjekk ut av kyrkja. Men då eg byrja å fletta inn kjende salmar i kyrkjemusikken min, slutta dei med dette. Her i Leipzig var det likeins. Straks eg byrja å nytta salmemelodiar, blei folk verande i kyrkja, og dei lytta spesielt nøye. På laurdagar spurde dei meg endåtil: Kva for salme skal du musisera i morgon?»
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal