Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Kantete

Masato Suzuki spelar J.S. Bachs cembalokonsertar med stor ordenssans.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den japanske cembalisten og dirigenten Masato Suzuki.

Foto: Marco Borggreve

3112
20220812
3112
20220812

CD

Johann Sebastian Bach:

Concertos for Harpsichord & Strings Vol. 2

Bach Collegium Japan; cembalo og leiing: Masato Suzuki. BIS 2022

Dirigenten og cembalisten Masaaki Suzuki grunnla i 1990 Bach Collegium Japan, eit barokkorkester og kor som for fire år sidan fullførte albumserien med alle Johann Sebastian Bachs (1685–1750) kantatar og andre korverk. Innspelingane, som fordeler seg på 65 CD-ar, held gjennomgåande eit imponerande høgt nivå. Mange av kantatane har etter mi meining korkje før eller sidan blitt tolka like overtydande, med stilreine songsolistar og rund og vakker korklang.

Men framfor alt er det dirigentens gode sans for tempo som gjer albuma så vellukka. For å få Bachs kompliserte musikk til å svinga, må det ikkje musiserast for snøgt. Dette med tempoval er Masaaki Suzukis fremste kvalitet som ensembleleiar.

Gjenbruk

I 2018, same året som Masaaki Suzuki fullførte albumserien sin, overtok sonen Masato Suzuki som sjefdirigent for Bach Collegium Japan. Også han er cembalist, og no gjev han ut alle Bachs cembalokonsertar. Volum 2 inneheld fire verk av slaget. Særmerkt med tolkinga hans er at han nyttar «solistisk strykarbesetning», altså berre høvesvis eitt instrument på dei to fiolinstemmene og bratsjstemma, noko som gjev orkesterverka ein kammermusikalsk dåm.

Typisk for Bachs cembalokonsertar er at dei fleste er «gjenbruk» av tidlegare verk for andre soloinstrument. Omarbeidingane gjorde han seint i livet for å syta for underhaldningsmusikk til Leipzigs kaffihus, der sønene skulle få syna seg fram som virtuosar. Den mest kjende konserten på plata er Cembalokonsert nr. 6 i F-dur, BWV 1057, som er ein transponert versjon av den fjerde «Brandenburgkonserten». Originalen er ein trippelkonsert med to blokkfløyter og ein uvanleg virtuos solofiolin. I F-durversjonen er fiolinstemma omforma til minst like virtuos cembalomusikk.

Overtydeleg

Tolkinga til Masato Suzuki syner den same gode teften for tempo som far hans har. Me merkar det særleg i sistesatsen, «Allegro assai», som er ein kraftfull fuge av beste Bach-sort. Men sjølv om tempoet kjennest rett i høve til den musikalske teksturen (det går ikkje for raskt), manglar noko av driven – den framoverretta energien – som særmerkjer andre gode tolkingar av verket.

Grunnen er kanskje den litt kantete måten Masato Suzuki fraserer solostemma på, særleg i dei snøgge satsane. Han syner stor ordenssans og markerer tydeleg dei melodiske periodane i spelet sitt, men rørsleenergien frå den eine frasen og inn i den neste er ikkje alltid sterk nok. Slikt er ei utfordring med Bachs musikk generelt. Den kompositoriske teksturen er det me kallar komplementærrytmisk, noko som tyder at dei raske notane går og går, og der den eine melodiske perioden sluttar, byrjar alltid den neste. Kvile er det altså knapt å få for solisten. Hadde Masato Suzuki tenkt mindre på forma og meir på uttrykket, trur eg driven i dei snøgge satsane hadde blitt betre.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast
musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis