Katy Perrys 143 er ei tannlaus øving i utviding og innskrenking av kropps- og kjønnsideal.
Pop
Katy Perry:
143
Capitol
«OMG», har eg nettopp lært, står for okulær myasthenia gravis. Myasthenia gravis er ein sjeldan autoimmun sjukdom; eit mogeleg symptom er svak muskulatur kring auga. Ifølgje dr. Aron Smith kan dette vere grunnen til at høgre auge til popstjerna Katy Perry lukka seg under ein konsert i Las Vegas for ganske nøyaktig to år sidan. Eg undrast korleis det er å vere så namngjeten at ein blir fjerndiagnostisert på YouTube.
Perrys sjuande album, 143, er generelt lite godt likt; eg for min del har vore høveleg lite interessert i artisteriet hennar og lyt innrømme at den lette, spretne dansemusikkstilen her har ein viss appell, og vips så sit eg nedi Katy-kaninholet og strevar med å dekode kva for haldning til kropp, helse og venleiksdyrking dette er tufta på.
Teksten i songen «Gorgeous» annonserer at «alle [hennar] kvinner ser nydelege ut», og i videoen til songen «Woman’s World» er det mykje eksponert hud å sjå. Det er tale om eit tablå av eggstokkar, hudtypar og kroppar i ymse former kombinert med referansar til «We Can Do It!»-plakaten frå 1943 – dette feministiske biletet var opphavleg eit stykke krigspropaganda – og – mogelegvis – Dara Birnbaums vidgjetne videokunstverk «Technology/Transformation: Wonder Woman (1978–79)».
Det freistar å lese 143 som bidrag til ein kroppspositiv tendens i populærkulturen. På den andre sida er det vanskeleg å nekte for at musikken og presentasjonen er tannlause greier: Når ein tar ein titt på musikkvideoen til «I’m His, He’s Mine», er all slags kroppsleg mangfald ute av vindauget; ein kan mistenke marknadsapparatet for å spekulere i bruk av gravide og fyldige dansarar som «smykke» for stjerna Perry. Trass i at eg lett blir gira av 90-talshouseklisjear, er det lite å rope hurra for her. «I’d never go deep», som Perry syng i «All The Love».
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.