Krigersk
Ton Koopman framførte kyrkjemusikk som høver til temperamentet hans.
Ton Koopman dirigerer Amsterdam Baroque Orchestra i Nikolaikyrkja i Leipzig.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Bakgrunn
Johann Sebastian Bach
Fødd 1685 i Eisenach, død 1750 i Leipzig
Barokkomponist som mellom anna laga 300 kantatar, tre oratorium og fem pasjonar
Kantor ved Thomaskyrkja og leiar for Thomanarkoret i Leipzig i 27 år
Blir sidan 1908 heidra årleg med Bachfest Leipzig, der verdas beste Bach-tolkarar opptrer

Konsert
J.S. Bach, J.M. Bach, J.C. Bach, D. Buxtehude:
«Auserlesenste
Kirchen-Stücke»
Amsterdam Baroque Orchestra and Choir; dir.: Ton Koopman
Nikolaikirche Leipzig, sundag 12. juni
Ton Koopman er eit namn du sikkert har støytt på om du interesserer deg for J.S. Bachs musikk. Denne nederlandske cembalisten, organisten og dirigenten har spelt inn alle Bachs kantatar og orgelverk på CD, innspelingar som er prega av temperamentet hans – Koopman er ein kvikk og humørfull herre med glimt i auga.
Nokre gonger tykkjer eg tolkingane hans verkar litt hektiske. Det har ikkje berre med tempo å gjera, men òg med det rastlause drivet i framføringa hans. Under konserten i Nikolaikyrkja, derimot, sat alt som det skulle. Stykka han presenterte saman med Amsterdam Baroque Orchestra and Choir, kledde temperamentet hans.
To av solistane merkte seg ut: Den eine var den vedunderlege bassen Klaus Mertens. Sjølv om han byrjar å dra på åra, syng han framleis med herleg klår røyst og tydeleg diksjon (ein skjønar alltid teksten han syng, noko som ikkje er sjølvsagt hjå songarar). Og så var det den unge sopranen Elisabeth Breuer, som ikkje berre syng fint, men òg har eit uvanleg energisk nærvær på scena.
Også to av verka merkte seg ut: Johann Christoph Bachs (1642–1703) heftige Es erhub sich ein Streit er ein storfelt kantate for heile 22 stemmer, mellom dei to femstemmige kor og fire trompetar. Sjeldan har eg høyrt kyrkjemusikk klinga meir krigersk. Og så var det sjølvsagt J.S. Bachs Gott ist mein König, BWV 71, som har ei liknande storfelt besetning. Dette verket frå 1708 var elles den einaste Bach-kantaten som blei prenta medan komponisten levde.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.