Kvalmande lågmål
Kanye West og Ty Dolla Sign sparkar himla langt nedover med trist lattergassmusikk.
Hiphop
YS:
Vultures 2
YZY
YS (skrive med yen- og dollarteikn) er samansett av hiphopartistane Ty Dolla Sign, Kanye West og dei usselt utnytta undersåttane deira. Albumet Vultures 1, som kom ut tidlegare i år, var ikkje noko særleg, og oppfølgjaren Vultures 2 er faktisk endå mindre interessant – med mindre ein skulle vere interessert i eit grufullt studium i misogyni, misantropi, psykotisk mani og lattergassavhengnad.
På Vultures 1 såg West ut til å vere fullstendig fanga i ein forkvakla idé om eit samfunn som nærer seg på hans innbilte storleik. På oppfølgjaren nærer den styrtrike, ulukksalige artisten seg på andres ulykke. Resultatet er så stygt og uinteressant at eg faktisk blir kvalm.
Opningssporet «Slide» set den kvalmande stemninga på treffande vis med glissando-orgelakkordar, og den tilhøyrande musikkvideoen er eit makkverk utan like: eit påfallande misogynistisk klasseturistbilete som objektiviserer prostituerte kvinner, heimlause og andre som har trekt korte strå i livet, noko så til dei grader. Heile oppsynet oser noko så inn i betongskogen av megaloman, misogynistisk misantropi.
Albumet læt som det er produsert i intens lattergassbakrus – og det er det visst: West bruker ifølgje sin tidlegare manager Milo Yiannopoulos (som var involvert i Wests mislukka presidentkampanje i 2020) femti tusen amerikanske dollar på lattergass i månaden. Det heile er til å grine av. Eg kjenner meg fysisk og psykisk sjuk etter å ha utsett meg for dette makkverket. Med Vultures 2 har West meistra å gjere den psykiske sjuka si smittsam.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Hiphop
YS:
Vultures 2
YZY
YS (skrive med yen- og dollarteikn) er samansett av hiphopartistane Ty Dolla Sign, Kanye West og dei usselt utnytta undersåttane deira. Albumet Vultures 1, som kom ut tidlegare i år, var ikkje noko særleg, og oppfølgjaren Vultures 2 er faktisk endå mindre interessant – med mindre ein skulle vere interessert i eit grufullt studium i misogyni, misantropi, psykotisk mani og lattergassavhengnad.
På Vultures 1 såg West ut til å vere fullstendig fanga i ein forkvakla idé om eit samfunn som nærer seg på hans innbilte storleik. På oppfølgjaren nærer den styrtrike, ulukksalige artisten seg på andres ulykke. Resultatet er så stygt og uinteressant at eg faktisk blir kvalm.
Opningssporet «Slide» set den kvalmande stemninga på treffande vis med glissando-orgelakkordar, og den tilhøyrande musikkvideoen er eit makkverk utan like: eit påfallande misogynistisk klasseturistbilete som objektiviserer prostituerte kvinner, heimlause og andre som har trekt korte strå i livet, noko så til dei grader. Heile oppsynet oser noko så inn i betongskogen av megaloman, misogynistisk misantropi.
Albumet læt som det er produsert i intens lattergassbakrus – og det er det visst: West bruker ifølgje sin tidlegare manager Milo Yiannopoulos (som var involvert i Wests mislukka presidentkampanje i 2020) femti tusen amerikanske dollar på lattergass i månaden. Det heile er til å grine av. Eg kjenner meg fysisk og psykisk sjuk etter å ha utsett meg for dette makkverket. Med Vultures 2 har West meistra å gjere den psykiske sjuka si smittsam.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.