JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Liv, slåttar, instrument

Grundig dokumentasjon av hardingfeler og slåttespel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1765
20240927
1765
20240927

Folkemusikk

Arne M. Sølvberg:

Gode minne

Lærdal musikkproduksjon

Felespelaren og folkedansaren Arne M. Sølvberg (f. 1950) frå Fjelli i Nordfjord har i ei årrekkje vore ein ihuga formidlar av slåttespel og – ikkje minst – kunnskap om folkemusikken og folkedansen. Han har mellom anna vore leiar av spelemannslaget Fjelljom, undervist ved Ole Bull Akademiet, vore fylkesmusikar i Sogn og Fjordane og gjeve ut fleire plater.

Denne plata har eit særskilt tema: Alle slåttane, både runddansmusikk, eldre og nylaga slåttar, vert spela på hardingfeler som er bygde av Anders Heldahl (1811–1897) frå Bergen. Felene hans var bygde i den gamle stilen, det vil seie mindre enn den fiolinpåverka moderne fela, og Sølvberg har rigga instrumenta med tarmstrengar og nyttar jamvel den gamle, korte bogetypen.

Mange av felene til Heldahl har lenge vore rekna som «umoderne» og ikkje vore i bruk. Ved å lyfta dei fram att på dette viset har Sølvberg gjort eit pionerarbeid. Men mykje av musikken har vore lite i bruk, og i alle fall ikkje vore utgjeven på plate før.

Produksjonen er ikkje berre ei CD-plate, men inneheld òg eit svært informativt teksthefte og mange fotografi. Mykje av dette er av særleg interesse for folkemusikkekspertane, men historikk og anekdotar er kledde i eit lettflytande språk som gjer det faglege stoffet tilgjengeleg for eit meir ålment publikum.

På mange måtar er dette ei plate for Sølvbergs fagfellar – slike som er særskilt interesserte i hardingfeler, utøvarar, tradisjonsliner og repertoar. Men samstundes er det ei plate for alle som likar hardingfelespel og danseslåttar.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis