Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Lydspora i livet

Femti forfattarar fortel om plater som har vore med på å forme dei som kunstnarar og menneske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
R.E.M. fotografert i 1992.

R.E.M. fotografert i 1992.

Pressefoto

R.E.M. fotografert i 1992.

R.E.M. fotografert i 1992.

Pressefoto

3308
20211217
3308
20211217

Musikkbok

Tom Gatti (red.):

Long Players: Writers on the Albums that Shaped Them

Bloomsbury

For forfattaren Olivia Laing er musikken på R.E.M.s Automatic for the People (1992) uløyseleg knytt til gangvegen til bussen ho tok til skulen ho byrja på hausten 1992, etter ein sommar med kjærleikssorg. Årevis med lytting følgde, og då Laing skulle gi ut den første boka si, To the River, vurderte ho ei stund tittelen Find the River, etter tolvte og siste song på albumet ho skildrar som ein følgjesvein.

Den vesle teksten hennar om R.E.M.-klassikaren er å finne i Long Players: Writers on the Albums that Shaped Them, saman med 49 andre, sett saman av redaktør Tom Gatti, som også reflekterer over albumformatet som estetisk uttrykksform før og no i eit fint føreord.

Om du er ein av dei som vender tilbake til nokre plater som har fått ein særleg viktig plass i livet ditt, av grunnar som har både med deg og med musikken å gjere, så er sjansen stor for at du vil kjenne deg att i somme av tekstane i denne boka, som har opphav i ei spalte i New Statesman (der Gatti er redaktør).

Lite format

Bakgrunnen forklarer det knappe formatet, for minna og refleksjonane strekkjer seg berre over to–tre sider, men det viser seg å vere nok til å kunne opne ei dør inn til ei plate og alt ho kan romme. 

For meir skal det ikkje til for å skape både lyttelyst og lytteglede, i alle fall når nivået er så høgt på både forfattarar og album, med ein ganske god variasjon i samansetjinga av begge delar – berre det at du kan lese Teju Cole om Black Stars Mos Def & Talib Kweli Are Black Star (1998), Daljit Nagra om The Smiths’ Meat Is Murder (1985), Ben Okri om Miles Davis’ Kind of Blue (1959) og Sarah Hall om Radioheads OK Computer (1997) i ei og same bok, er ein kvalitet i seg sjølv.

Levt liv

For dei som ønskjer seg musikkhistorie, analyse og kontekstualisering, gjerne over nokre fleire sider, finst det andre bøker. Kvalitetane som bur i Long Players er snarare at tekstane er så kortfatta at du nær sagt alltid vil ha tid til ein, og at boka slik leier vegen inn til nye og gamle musikalske kjenningar med både snert og effektivitet. Dette er ikkje ei bok du les frå perm til perm, men leiter fram frå tid til anna, gjerne når du får lyst til å setje på ei plate, og kan tenkje deg eit tips utanfrå.

Til saman er tekstsamlinga ei ganske kraftfull påminning om den særeigne rolla musikken spelar i livet vårt. Som tittelen lovar, dreier det seg om plater som har medverka til å forme menneskeleg og kunstnarleg identitet, og fleire av tekstane finn den skrivande ved eit avgjerande vegskilje.

Patricia Lockwoods gripande tekst om This Mortal Coil-plata It’ll End in Tears (1984), til dømes, skildrar hennar møte med musikken på golvet på jenterommet som fjortenåring i St. Louis, på ei tid i livet då ein seksuell identitet er i emning. George Saunders fortel om korleis Yes-albumet Fragile (1971) fekk han til å forstå at det å lage noko vakkert, kan innebere å lage noko som kunstnaren sjølv ikkje heilt skjøner tydinga eller krafta av. Det er med andre ord mykje levt liv og visdom i Long Players, og det er slik det må vere.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis