JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Lyset i halvmørket

Sharon Van Ettens sjette album er unnfanga, tenkt, følt og laga i ein individuell og kollektiv unntakstilstand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3110
20220506
3110
20220506

Rock

Sharon Van Etten:

We’ve Been Going About This All Wrong

Jagjaguwar / Playground

Kanskje ligg det ei eiga trøyst i halvmørket, i den skimrande stunda då ikkje mørket heilt har lagt seg enno. Det er i alle fall den kjensla eg sit att med når eg har gitt «Darkish», ein av songane på den nye plata frå Sharon Van Etten, hennar sjette, ein lytt. «Crazy as can be», syng ho, med fuglekvitter i bakgrunnen, «It’s not dark, it’s only darkish... waiting».

Heimelaga

We’ve Been Going About This All Wrong er skrive, komponert og produsert av Sharon Van Etten i heimestudioet hennar i Los Angeles. Dit flytta ho frå New York, der ho hadde budd i 15 år, i september 2019, med partneren og eit lite barn. Av grunnar som skulle vere openberre, vart det nye livet på vestkysten annleis enn tenkt.

Det nye albumet høyrer til mellom dei mange som kjem ut for tida som er unnfanga, tenkt, følt og laga i ein individuell og kollektiv unntakstilstand. Eit av høgdepunkta på plata, «Anything», får fram stemninga i ei søvnlaus natt, der uroa for ei uviss framtid er så overmannande at det fører med seg ei lammande avmakt: «I couldn’t feel anything», heiter det, i ein song mange vil kjenne seg så altfor godt att i.

Van Etten skyr ikkje dei tyngste av tema. Are We There (2014), eit av dei sterkaste albuma i nyare tid, sirkla rundt ein tapper konfrontasjon med eigne traume og romma eit direkte oppgjer med ein ekskjærast som hadde behandla henne dårleg. Songar som «Afraid Of Nothing» og «Your Love Is Killing Me» var tunge å lytte til, men dei var på same tid kraftfulle uttrykk for individuell styrke, ei slags markering av det å komme ut like heil i andre enden, noko som gav dei ein slags reinsande effekt. Dei vitna om ein balanse i kjernen av Van Ettens låtskrivarkunst, som gjer henne i stand til å syngje om kjensler det ikkje er så lett å setje ord på, utan at det vert platt eller svulstig.

Sjeldan intensitet

Slik er det også på We’ve Been Going About This All Wrong, der ein song som «Home To Me» tek opp frykta for å gi slepp på eigne barn, idet dei gjer seg uavhengige og etter kvart skal forsvinne for å leve sitt eige liv – utan at uroa for at noko skal skje dei, vert mindre av den grunn. Vårens utgiving demonstrerer til fulle kor fabelaktig ein vokalist Van Etten er – registeret tillèt henne å gå djupt og høgt, alt etter kva ein song treng, og sjølvransakinga i ein låt som «Born» er så tett og intens nett fordi ho gjer begge delar i ein og same komposisjon.

Som songar er også denne artisten i stand til å bruke diksjon og artikulasjon til å styrke det emosjonelle, og måten ho gir orda form på frå strofe til strofe i «Born», er verd ein eigen studie. Det krev mot å gå inn i eksistensielle spørsmål i verseform, men når du har kvalitetane til Van Etten, vert lytteopplevinga prega av ein sjeldan intensitet. We’ve Been Going About This All Wrong høyrer til mellom årets sterkaste plater.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis