Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Magical Mystery Tour 2.0

Stein & Mari + Moskus = sant!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mari Kvien Brunvoll & Stein Urheim m/ Moskus.

Foto: Grappa musikkforlag

2120
20240809
2120
20240809

Jazz/samtidsmusikk

Mari Kvien Brunvoll & Stein Urheim m/ Moskus

Barefoot in Bryophyte

Mari Kvien Brunvoll, vokal, elektronikk, perkusjon, siter og klokkespel; Stein Urheim, vokal, gitarar, fløyter og elektronikk; Anja Lauvdal, piano, synth, harmonium, elektronikk og vokal; Fredrik Luhr Dietrichson, bass, cello og vokal; Hans Hulbækmo, trommer, perkusjon, blokkfløyte, munnspel, tablamaskin og vokal
Hubro

Botanikarane får tilgje meg at eg omset den engelske tittelen til «Berrføtt i mosen», men det er ein musikalsk treffande tittel. Det noko beinveges og sorglaust over musikken på denne plata, slik det er på mykje av det Mari Kvien Brunvoll har laga på eiga hand, saman med Stein Urheim og med trioen Building Instrument. Det sorglause blir meir nyansert ved fleire gjennomlyttingar. Her er nok av mørke skyer i horisonten.

Samarbeidet mellom dei to konstellasjonane (Stein & Mari og Moskus) byrja med tingingsverket Branches & Limits på Vossa Jazz i 2023, og musikken og tekstane byggjer vidare på det dei gjorde på festivalen for vel eit år sidan. Det mest overraskande med samarbeidet er at det ikkje har kome i stand tidlegare. Båe einingane har eit spesielt godt auge til leiketøysavdelinga i det store instrumentvarehuset, og båe har ei naivistisk tilnærming til musisering. Improvisasjonselementet står klart sterkare hjå Moskus, men slektskapen elles er sterk.

Brunvoll og Urheim har laga fire låtar kvar. Det er ikkje tvil om kven som har laga kva, med Urheims sterke fascinasjon for den meir eksperimentelle fasen til The Beatles. Men uttrykket har det sams at dei skapar ein slags musikalsk fantasy, noko diffust tilbakeskodande med tekstar som heile vegen har surrealistiske undertonar. Og ingen er vel betre til å skapa denne 2024-psykedelikaen enn desse fem musikantane. Det er Magical Mystery Tour 2.0. Likevel er høgdepunktet på plata tittelkuttet, ein velregissert rytmisk leik med eit studio-jam-utgangspunkt. Meir av dette får me kanskje på oppfølgjaren?

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis