Mannsklisjear ut av vindauget
Ei ny musikkbok tek oss tilbake til Vest-Berlin i tiåret før murens fall.
Mania D – Gudrun Gut, Karin Luner og Bettina Köster fotograferte i Berlin i 1979.
Foto: Wikipedia
Musikkbok
Beate Bartel, Gudrun Gut og Bettina Köstel (red.):
M_Dokumente: Mania D., Malaria!, Matador
Ventil
«Djupast sett var vi jazzkattar», seier Bettina Köstel om den frie, improviserte musikken ho laga saman med Beate Bartel og Gudrun Gut i bandet Mania D. (1979–1980), i ein samtale mellom dei tre i ei bok som kom i haust, M_Dokumente. «Det var som friteikning, men med lyd», legg Bartel til.
Alle var dei djupt kunstinteresserte. Dei nemner impulsar frå russisk konstruktivisme og dadaisme og ein glød for det abstrakte og det absurde. Frå pønken tok dei med seg den uredde eksperimentlysta og gav seg i kast med instrument dei knapt meistra, sjølv om dei var skolerte på andre.
Dei ulike prosjekta og konstellasjonane som følgde – og då særleg i banda Malaria! (1981–1984) og Matador (1982–1991) – vert skildra i M_Dokumente, som omfattar nyskrivne tekstar, intervju og ei rik samling arkivfotografi, i tillegg til anna viktig visuelt materiale av ulik art, frå det vitale kulturlivet i Berlin i det siste tiåret før murens fall. Bartel, Gut og Köstel, som stifta bandet Mania D. sommaren 1979 i vestre del av ein by delt av ein mur, står som redaktørar for boka.
Pønk og postpønk
Framføre meg har eg ein spelar og ein haug med gamle kassettar, skriv Gut i ein kort tekst: «Flashback to the 80’s!» Det kan kjennest rart å mimre over pønken og postpønken, som med slik kraft braut med det beståande, og også med det nostalgiske. Men alle kulturelle rørsler har sin eigen historikk, og det å vende tilbake til noko kan også innebere å sjå det på nytt. «It was thrilling and beautiful to slide back into the past», skriv Gut: «To rearrange and make sense of it.»
Av dei mange kapitla i rockehistoria som utspelar seg i Berlin, er nokre fortalde fleire gonger enn andre. Byen har ein sentral plass i karrieren til artistar som David Bowie, Iggy Pop og Nick Cave. Sjølv om ingen av dei vart buande der veldig lenge, så var dei der i ei tid då kulturlivet i særleg grad blømde, på 1970- og 1980-talet, ein epoke delvis dokumentert i Mark Reeders film B-Movie: Lust & Sound in West Berlin, 1979–89 (2015), der Malaria! også dukkar opp.
I ein tekst i M_Dokumente skriv Reeder om Mania D.: «The main attraction for me was the way they threw all the clichés of male dominated rock music completely out of the window.» Dei hadde eit rikt tilfang i så måte. Meir enn noko anna, seier Bartel, opplevde dei tre seg som «moderne kvinner»: «We were loud and macho and we did what we wanted to.»
Motkulturell æra
Ei speleliste gjer det mogleg for lesaren å finne vegen til den energiske, frie musikken som kom ut av dette, medan dei leseverdige samtalane i boka teiknar eit levande bilete av Berlin i det ein må kunne kalle ein mytologisert, motkulturell æra som på ulike vis har forgreiningar heilt inn i vår eiga samtid. Til sist sit ein att med eit bilete av Bartel, Köster, Gut og andre involverte som visjonære, ikkje minst i måten dei røska tak i konvensjonelle kvinneframstillingar i populærkulturen på.
Det tyske forlaget Ventil sirklar inn pønkens breie verknadshistorie i fleire titlar på fjorårets haustliste, som også romma omsetjingar til tysk av franske Benjamin Bertons Dreamworld (om Dan Treacy og bandet Television Personalities), Greil Marcus-klassikaren Lipstick Traces (opphavleg 1989) og ikkje minst Vivien Goldmans Revenge of the She-Punks: A Feminist Music History from Poly Styrene to Pussy Riot (2019).
Samla sett viser desse bøkene godt at pønkens frigjerande brot med konformiteten har både etiske, estetiske og ideologiske dimensjonar, og at måten det kjem til uttrykk på, ikkje berre har historiske røter, men også rom for nye klangbotnar.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.