Markant fanfare
Ensemble Les Surprises framfører Eurovisjon-melodien muntert og krigersk.
Ensemble Les Surprises blir dirigert av organisten Louis-Noël Bestion de Camboulas.
Foto: Yann-Gachet
CD
Marc-
Antoine Charpentier, Henry Desmarest:
Te Deum
Ensemble Les Surprises; dir.: Louis-Noël Bestion de Camboulas. Alpha 2024
Te Deum laudamus, Gud, deg lovprisar me – slik byrjar den såkalla ambrosianske lovsongen, som skal gå attende til den heilage Ambrosius av Milano på 300-talet. Mange komponistar har tonesett denne hymnen: Händel, Haydn, Bruckner, Verdi, Dvořák, til dømes.
J.S. Bach gjorde også kantate av han, i Luthers tyske omsetjing Herr Gott, dich loben wir. Men den mest kjende tonesetjinga blei laga i 1692 av franskmannen Marc-Antoine Charpentier (kring 1643–1704). Dei fyrste åtte taktane av instrumentalforspelet har nemleg sidan 1954 vore signaturmelodien til Eurovision Song Contest.
Denne markante fanfaren med trompetar og paukar opnar plata til Ensemble Les Surprises, eit fransk kor- og barokkorkester som sidan grunnlegginga i 2021 har kome med heile 13 CD-ar. Albumet inneheld også fyrsteinnspelinga av Te Deum-tonesetjinga til Charpentiers yngre landsmann Henry Desmarest (1667–1741).
Charpentier
Når eg høyrer Ensemble Les Surprises, får eg kjensla av at berre franskmenn kan spela denne musikken på ein så naturleg og lett, men samstundes opphøgd måte. Det har med det franske språket å gjera, for tunge- og tonemålet deira har mangt sams, med korte frasar og mange små, brå betoningar og pausar i fraseflyten. Slik skil det seg frå den italienske musikken, med lange, songlege frasar og jamt flytande rytmikk, jamfør det karakteristiske ved språket deira.
Som heilskap er denne tolkinga av Charpentiers Te Deum i D-dur den mest stilreine eg har høyrt. Både kor og solistar held høgt nivå, til dømes bassen Jean-Christophe Lanièce, som syng dei to fyrste verselinene solo (spor 2). Suveren er også sopranen Jehanne Amzal, som framfører satsen «Te ergo quaesumus» (Deg ber me difor, spor 6) med skimrande røyst, i elegant samsong med to blokkfløyter. Dei massive tutti-satsane (med heile ensemblet) oppnår den stemninga Charpentier sjølv karakteriserte tonearten D-Dur med: joyeux & très guerrier, «muntert og særs krigersk».
Desmarest
Også Desmarests Te Deum, med tilnamnet «de Lyon», opnar med eit fanfareaktig forspel (spor 10), men her er det sopranen som syng soloen som introduserer dei fyrste to verselinene – i dette høvet Eugénie Lefebve, som har ein noko mørkare klang enn Amzal (spor 11). Like etter kjem resten av solistane inn med ein sofistikert polyfon korsong. I det heile høyrer me i Desmarests versjon fleire parti med komplisert fleirstemmigheit enn i Charpentiers.
Meir komplisert var forresten også livet hans. Etter å ha forelska seg i og sett barn på den adelege (og i overkant unge) eleven Marie-Marguerite, måtte Desmarest flykta frå Frankrike. I 1700 blei han dømd til døden in absentia for utukt og kidnapping – men fann ei trygg hamn i Spania, der dei gifte seg.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.