Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Medrivande tyggegummi-new-age-pop

Caroline Polacheks nye album overraskar støtt og stadig – med overdådig folk-pop, drum’n’bass og sekkepipe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1921
20230224
1921
20230224

Pop

Caroline Polachek:

Desire, I Want To Turn Into You

Perpetual Novice

Desire, I Want To Turn Into You er den amerikanske artisten Caroline Polacheks fjerde album, og det startar med 2000-talstyggegummipoplåta «Welcome To My Island». «Hope you like me, you ain’t leaving», syng ho, og resten av plata er sanneleg ein spinnvill berg-og-dalbanetur inn og opp og ned i djupet av det menneskelege kjensleapparatet som det skal godt gjerast å vende øyra bort frå.

Stilen er ekstremt variert, samanflytande og fasettert. Songen «Sunset» flørtar med flamenco, «Fly To You» (med Dido og Grimes med på laget) er driven av raske, men mjuke drum’n’bass-rytmar. Her finst dembowrytmar, sekkepipe og syntetiske keltiske folkeinstrument, og arrangementa er stappfulle av uventa vendingar; legg til dømes merke til fuglekvitteret og spedbarnsbablinga i songen «Bunny Is A Rider».

Polachek er inspirert av artistar som Kate Bush og Mishio Ogawa, og med «Butterfly Net» og «Smoke» blir det svulstige og sentimentale skrudd opp til 110 prosent, overlest med nikk til Celine Dions overdådige Titanic-musikk, Enyas new-age-pop og 90-tals Disney teiknefilmballadar. Og godt er det.

Polachek handsamar store kjensler med glimt i auget og subtil humor, noko som speglar seg i musikkvideoane, der Polachek trampedansar i vinstampen og ser ut til å dra sjåaren – i form av ein slags okse – med seg gjennom labyrintiske omgjevnader spekka med små og store detaljar og notat i periferien av scenografien. På kodaen til sistesporet «Billions» er det som om heile menneskeheita syng med i kor. Det heile balanserer på ei knivsegg mellom pretensjon og parodi, og endar opp som ein overveldande og vakker emosjonell rundtur.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis