Messe i krigstid
Haydns «Paukemesse» er ei bøn om fred i ei verd av krig.
Franskmenn mot austerrikarar i slaget ved Arcole i Nord-Italia i 1796. Måleri av Horace Vernet (1789–1863).
Standardinnspelinga
Joseph Haydn:
Paukenmesse
Collegium Musicum 90; dir.: Richard Hickox. Chandos 1998
Året er 1796. Revolusjonskrigane mellom Frankrike og ymse samband av europeiske makter er i sitt femte år. Under den såkalla fyrste koalisjonskrigen kjempar austerrikske troppar ein tofrontskrig: Den eine fronten er i Sør-Tyskland, den andre i Nord-Italia, som er i ferd med å bli hærteke av franskmennene under leiing av den unge og karismatiske Napoleon. For fyrste gong sidan den osmanske kringsetjinga av Wien i 1683 står hovudstaden i fare for å bli invadert.
In tempore belli
Dette er den historiske bakgrunnen for Joseph Haydns messe i C-dur for fire solistar, firstemmig kor og orkester, Hob. XXII/9. Ho blir gjerne kalla «Paukemessa». Men den latinske tittelen den 64 år gamle komponisten forsynte partituret med, er sterkare: Missa in tempore belli – «Messe i krigstid».
Tekstgrunnlaget for ei messe er ledda Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. Det var ikkje nytt å leggja inn krigsreferansar i messetonesetjingar – i form av instrumentering med paukar og trompetar, i tillegg til melodiske og rytmiske motiv frå militærmusikken. Men den sofistikerte og dramaturgisk gjennomtenkte måten Haydn her gjer det på, skulle fyrst bli overgått eit kvart hundreår seinare, med Beethovens Missa solemnis.
Korleis kjem så krigsotta til uttrykk i Haydns verk?
Vondt omen
Dei fire opningsledda (Kyrie, Gloria, Credo og Sanctus) er haldne i konvensjonell stil – konvensjonell i uttrykk og effektar, med den vakre blandinga av songlege melodiar og balansert veksling mellom kor og solistar som den gamle Haydn meistra til fulle. Men messeleddet Agnus Dei («Guds lam») er eineståande.
Satsen tek ei overraskande vending. «Du Guds Lam, som bar all verdsens synder, miskunna deg over oss» blir fyrst sunge enkelt og vakkert, med linne harmoniar i koret. Men snart kjem eit varsel om det vonde i form av paukeslag i pianissimo, langsame trommekvervlar komponisten meinte skulle spelast «som om ein høyrer fienden i det fjerne rykkja nærare». Fyrst er desse paukeslaga liksom utanfor musikken. Seinare – styrkte av stadig sterkare trompetstøyt – tek dei over heile satsen.
«Vil du ha fred, førebu deg på krig», lyder det latinske ordtaket. Sistesatsen, «Dona nobis pacem» («Gjev oss fred»), er sigerviss, med krigerske fanfarar som vekslar mellom fredsame solistiske parti og drivande korfugar. Haydns musikalske bøn om fred i ei verd av krig blir altså lønt med siger.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.