Mindreverdige troll
Werner Egks Peer Gynt var ein av Nazi-Tysklands største operasuksessar.
Den tyske komponisten Werner Egk (1901–1983).
Foto: Schott Verlag
Standardinnspelinga
Werner Egk:
Peer Gynt
Chor des Bayerischen Rundfunks; Münchner Rundfunkorchester; dir.: Heinz Wallberg. Orfeo 1982.
Sidan Festspillene i Bergen hadde Grieg og Ibsens Peer Gynt som opningsframsyning i år, kom eg til å tenkja på ei anna oppsetjing eg opplevde i Tyskland i 2014. Statsteateret i Brandenburg hadde då ein fullskala produksjon av Werner Egks opera med same namn.
Fram til då var dette den einaste gjennomkomponerte, heilaftans Peer Gynt-operaen i musikksoga. Men dette året kom det ein ny Peer Gynt-opera, komponert av estlendaren Jüri Reinvere, som hadde urpremiere ved Den Norske Opera & Ballett – til temmeleg blanda kritikkar.
Føraren begeistra
Blanda kritikkar fekk også Egks Peer Gynt-opera etter urpremieren ved statsoperaen i Berlin i 1938. Somme musikkmeldarar kritiserte han for plagiat, andre for å nytta «usømelege» musikkuttrykk, men all kritikken botna eigentleg i det same.
Egks opera er nemleg ein stilistisk potpurri der ulike sjangrar blir nytta for å teikna karakterane og miljøa i Ibsens dramatiske dikt. Og der det dreier seg om troll, forsynte komponisten seg frilyndt av tonespråket til Kurt Weill, særleg av den jazz- og kabaretprega Tolvskillingsoperaen frå 1928, med tekst av kommunisten Bertolt Brecht. Både Weill og Brecht var bannlyste i Hitler-Tyskland.
Men kritikken stilna brått etter at Adolf Hitler gratulerte komponisten personleg etter ei framsyning. Begeistra var også Joseph Goebbels: «Eg er stornøgd, det er Føraren òg. Ei oppdaging for oss båe», skreiv han i dagboka. Peer Gynt blei ein av dei største operasuksessane i det tredje riket.
Egk var også djupt involvert i den nazistiske kulturpolitikken som kulturbyråkrat, og etter krigen angra han seg aldri offentleg. Likevel blir operaen hans framleis spelt ved tyske og austerrikske operahus, sist ved Theater an der Wien i 2017. Dette kan synast underleg, men så er då hans Peer Gynt heller ingen eksplisitt «nazi-opera».
Eg har berre funne éi fullstendig innspeling, gjord under oppsyn av komponisten i 1981 med koret og orkesteret til den bayerske kringkastinga. LP eller CD er nok vanskeleg å få tak i, men ho finst på strøymetenester som Spotify.
Unorsk
Egk hadde det sams med Wagner at han skreiv både musikken, operalibrettoen og scenetilvisingane sjølv, og han dirigerte framføringa. Handlinga kutta han ned til det mest essensielle; det er Peers dobbeltliv mellom trollverdas opportunisme og Solveigs ideal som er i fokus. Nord-Afrika er bytt ut med Mellom-Amerika, og alt norsk er reinska bort.
Trolla skulle ikkje vera «nordiske eventyrmonster, men ei samling av pedantiske strevarar, udanna sadistar og gangsterar, ei skrekkeleg kroppsleggjering av det menneskeleg mindreverdige», instruerte han. Vil du høyra korleis slike troll kling, så lytt til «I Dovregubbens hall»-scenen (CD 1, spor 3). Her høyrer me parodien på Kurt Weills musikk – den dei nazistiske musikkmeldarane altså ikkje oppfatta ironien ved.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.