Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
CD
Johann Sebastian Bach:
Bach Organ Works Vol. 5
Masaaki Suzuki, orgel.
BIS 2024
Også volum 5 i japanaren Masaaki Suzukis serie med alle Johann Sebastian Bachs (1685–1750) orgelverk er spelt inn i St. Georg-kyrkja i Grauhof; volum 4 kom i fjor. Denne katolske kyrkja søraust for Hannover hyser eit av Tysklands best bevarte barokkorgel: eit mektig instrument med tre manual (klaviatur) og pedal bygd av Christian Treutmann på 1730-talet. Treutmann finn me også nemnd i norske orgelbøker, for han var læremeisteren til Joachim Wagner som på byrjinga av 1740-talet bygde barokkorgelet i Nidarosdomen.
Orgel-Büchlein
Repertoaret på volum 5 er disponert på same måten som førre plate i serien: Mellom tre store preludium og fugar er der to avdelingar med til saman 20 orgelkoralar, med melodiar frå den lutherske salmeboka som er kunstferdig omarbeidde for orgel. Desse inngår i Orgel-Büchlein, «Den vesle orgelboka», eit omfattande kompendium med koralforspel som Bach byrja å komponera som hofforganist i Weimar i 1708.
Noteboka hadde på tidstypisk vis eit pedagogisk siktemål, nemleg «å gje den tilkomande organisten ei rettleiing i korleis han på ymse vis gjennomfører ein koral [salmemelodi], i tillegg til å fremja pedalspelet hans».
Dei fleste Orgel-Büchlein-stykka er eksemplariske miniatyrar som demonstrerer éin spesiell måte å omarbeida salmemelodien på. Dette gjer einskildverka svært ulike, og Suzuki greier med registreringa si – altså kva for pipetypar han nyttar – å få fram det særeigne ved einskildkomposisjonane.
Syndefall
Det er stødig driv over påskesalmen «Christ lag in Todesbanden» (BWV 625, spor 4), der den rolege melodien ligg i øvste stemme og blir driven fram av fire gonger så snøgge tonelekkjer i mellomstemmene. Ei meir biletleg framstilling av salmeteksten får me i «Durch Adams Fall ist ganz verderbt» (BWV 637, spor 17), der syndefallet kjem til uttrykk gjennom fallande og kraftig dissonerande tonerekkjer i pedalstemma. På førre album i serien tykte eg Suzuki tok litt for lett på denne typen harmonisk «smertefulle» satsar. Men no gjev han seg meir tid med fraseringa slik at dissonansane får rom til å utfolda seg. Dette styrkjer koralens karakter.
Bach var i samtida fyrst og fremst kjend som ein briljant organist som improviserte orgelkonsertane sine. Desse improvisasjonane kjenner me berre av omtale, men hint om korleis dei kan ha høyrt ut, får me i preludia og fugane han festa til papir. Suzuki spelar det monumentale ungdomsverket Preludium og fuge i D-dur (BWV 532, spor 1 og 2) uvanleg friskt, med monumentalt pedalspel i fyrstesatsen. Likevel tykkjer eg at han både her og i andre snøgge satsar tenderer til litt for høge tempo i høve til St. Georg-kyrkjas akustikk.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.