Musikalsk målstrev
Komponisten Monrad Johansen sokna soleklart til somewheres.
Komponisten David Monrad Johansen (1888–1974)
Foto: Nasjonalbiblioteket
CD
David Monrad Johansen, Johan Kvandal:
Like Father, Like Son
Christiania Mannskor; dir.: Marius Skjølaas. LAWO 2024
Som faneberar for den nasjonale lina i kunstmusikken var nordlendingen David Monrad Johansen mellom dei mest markante komponistane i den norske mellomkrigstida. Griegs arv var tung å bera for dei unge nasjonale, for korleis skulle dei finna si eiga røyst i norsk tonekunst?
Monrad Johansen streva lenge med dette. Noko av det som gjer musikken hans så interessant, er at han skifte retning fleire gonger gjennom karrieren. Stilskifta høyrer me tydeleg på Christiania Mannskors fine plate, der også nokre stykke av son hans, Johan Kvandal (1919–1999), blir framførte. I det fylgjande er det farens verk som skal framhevast.
Heim og ætt
I debatten om politiske skiljeliner blir det for tida tala mykje om skilnaden mellom somewheres og anywheres. Den fyrste gruppa, som kan kallast «nærveljarar», tek politisk standpunkt ut ifrå tradisjonelle verdiar og tilknyting til det lokale. Den andre, «globalveljarane», er internasjonalt orientert og set personleg og profesjonell utvikling framfor heimstad og tradisjon.
Som menneske og musikar sokna Monard Johansen soleklart til somewheres. «Netop fordi musiken er det mest følsomme uttrykk for et folks lynne, er den i saa høy grad betinget av omgivelsene», konkluderte han i eit føredrag i 1924, og la til: «At ville benekte at kunsten er stedegen er det samme som at benekte det individuelle, det personlige i den.» Eit nasjonalt tonespråk burde vera målet, og ikkje «musikalsk kommunisme». Under krigen melde han seg forresten inn i NS, noko han til kunstnar å vera blei straffa uvanleg hardt for (fem og eit halvt år tvangsarbeid, seinare redusert til fire).
Ætta adlar
Året før føredraget hadde mannskorverket Draumkvædet (spor 1) hatt premiere. Komponisten reduserer her korsatsen til eit minimum, med enkel harmonikk og kraftige klangblokker. Deklamasjonen til Christiania Mannskor er krystallklår. Heilt Grieg-fritt kling det likevel ikkje, for fyrste strofa har harmoniske vendingar som minner om Griegs siste store korverk Fire salmer.
I diktet «Ættararv» hylla Tore Ørjasæter den frie norske odelsbonden med høgstemt hamsunsk patos («D’er adel i jorda, som lag på lag/ er odla av ætta frå fyrste dag»). Tonesetjinga frå 1930 (spor 5) er kanskje den mest tradisjonelle mannskorsongen på plata – og den minst interessante.
Meir original er tonesetjinga av Jonas Lie-diktet «En fembøring under seil» frå 1930 (spor 7), for den innvarslar Monrad Johansens vending mot det polyfone i 1930-åra, då han drog til Leipzig for å vidareutdanna seg i «lærd» komposisjonsmåte. Stykket kling rørleg og festleg som ein engelsk renessansemadrigal. Polyfon struktur høyrer me også i Gamle grendi (1935), der komponisten toneset Aasen-diktet med roleg flyt à la 1500-talets kyrkjemotettar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.