Naturleg og utvunge
Heidi Skjerve og Daniel Formo set eit diskré personleg stempel på velkjent stoff.
Jazz
Heidi Skjerve & Daniel Formo & Friends:
I’m Glad There Is You
Heidi Skjerve, vokal; Daniel Formo, piano; Bjørn Marius Hegge, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer; Mona Krogstad, tenorsaks (5,6,8); Klaus Ellerhusen Holm, altsaks og klarinettar (1,3,6,7); Marthe Belsvik Stavrum, fløyte (2). Particular Recordings Collective
Dei gamle standardane har ei enorm tiltrekkingskraft både på musikarar og på publikum. Denne gongen er det vokalisten Heidi Skjerve og pianisten Daniel Formo som har teke med seg eit a-lag i studio og gjeve seg i kast med ti standardlåtar. Dei fleste høyrer til klassen «dei mest utspelte». Skjerve og Formos tilnærming er på mainstreamens stilistiske premissar – og det funkar.
Det er kanskje ikkje så lett å setja fingeren på dei faktorane som gjer at dette er ei fin lytteoppleving gong på gong, men det har noko med det likeframme i framføringane.
Ensemblet lit på at materialet står på eigne bein og ikkje treng noka form for extreme makeover. I dette likeframme står Skjerve fram som den alle ting graviterer rundt. Røysta hennar er alt anna enn mektig, og fraseringane er aldri intrikate eller tilgjorde, men ho syng med rytmisk spenst og tonekontroll som er ei sann glede å høyra på.
Kompet er sjølvsagt heile tida å plass. Johansen er også her meisteren i å fargeleggja samstundes som han er eit rytmisk ankerfeste. Stødig er også Hegge, som trivst svært godt i den lågare delen av registeret på bassen. Formo er sjølvsagt hovudsolist, men legg band på seg og prioriterer det poengterte. Holm og Krogstad vartar opp med flotte obligatar som blir følgde av solistiske manifestasjonar – også desse av det korte og poengterte slaget.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.