Nye eventyr i hi-fi
Big Thiefs nye plate viser fram eit allsidig band, stadig på leit etter seg sjølv.
Big Thief er Adrianne Lenker, Max Oleartchik (t.v.), Buck Meek og James Krivchenia.
Pressefoto
Rock
Big Thief:
Dragon New Warm Mountain I Believe In You
4AD / Playground
Då Adrianne Lenker – låtskrivar, vokalist og gitarist i Big Thief – først spelte «Spud Infinity» for bandtrommis James Krivchenia, som har produsert det ferske albumet til gruppa, hadde ho ikkje noka tru på songen. Enderima verka trivielle, og går det eigentleg an å ha med eit ord som «kvitløksbrød» i ein song?
Krivchenia såg annleis på det. Låten fekk han rett og slett til å felle nokre tårer. Dermed vart det til at «Spud Infinity» likevel fekk plass på dobbeltalbumet Dragon New Warm Mountain I Believe In You, saman med 19 andre nye komposisjonar.
Breidde
Anekdoten, som dukkar opp i ei sak om Big Thief i musikkbladet Rolling Stone, fortel eitt og anna om korleis bandet har tenkt i arbeidet med plata som er ute i dag, 11. februar. Lenker, Krivchenia, Max Oleartchik (bass) og Buck Meek (gitar) ønskte at utgivinga skulle reflektere den musikalske breidda deira og nye impulsar som gjer seg gjeldande i ei omskifteleg tid.
«Spud Infinity» er spelt inn i Tucson i Arizona, der dei fekk med Mat Davidson (Twain) på fele og vokal, og viser Big Thief frå ei lett og rootsy side. Men Dragon New Warm Mountain I Believe In You er laga tre stader til, med ulike folk med på produksjonssida, i økter nord i delstaten New York, i Topanga Canyon i California og i Rocky Mountains i Colorado. Opptaka frå desse stundene teiknar eit bilete av eit band som både orienterer seg i ulike retningar og er ope for kontinuerleg endring.
Frå eit materiale på 45 songar valde dei ut 20, på ei utgiving som dermed framstår som ein redigert dokumentasjon over ein bestemt epoke for bandet (som platedebuterte i 2016), der dei utforskar kva dei er, og kva dei kan vere. På den måten minner plata meg litt om det omfangsrike albumet R.E.M. i si tid laga på turné, New Adventures in Hi-Fi (1996).
Spontanitet
Fleire stader kan ein merke ein spontanitet og ein impulsivitet som medverkar til å gi opptaka ein eigen energi, og også ein slags dokumentarisk kvalitet, som om vi er i rommet akkurat idet noko skjer. Når du lyttar til «Time Escaping», til dømes, bryt Lenker ut: «Det er musikk, Oso!» Snarare enn ei kuriøs tekstline er dette meint å roe ned kvalpen hennar, som brått kom inn i vokalbåsen då ho stod og song, og som nok lurte på kva som gjekk føre seg.
Kanskje kan ein seie at denne plata difor også har noko raust over seg, for her er det noko for alle, uansett kva for utgåve av Big Thief ein måtte føretrekke – og eg vil tru fleire trufaste lyttarar nett er glad i det breie registeret.
Eit anna aspekt ved dette albumet er at det også dermed rommar ei forteljing om eit band gjennom ei prøvande tid. Pandemien lurer i skuggane fleire stader på Dragon New Warm Mountain I Believe In You, og mykje her er då også spelt inn i dei verste lockdown-tidene i 2020.
Då Big Thief kom saman for å lage dei første opptaka, i eit studio i Catskills-fjella, var det ei stund sidan sist dei hadde kunna vere i lag, og alt kjendest stivt og rart. Så tok gjengen eit bad i ei iskald elv bak huset dei laga musikk i, og sprang tilbake og heldt fram med å spele inn i det våte badetøyet.
På sitt vis fortel songane på dette albumet om prosessen dei gjekk gjennom for å komme saman igjen, for å finne glede og meining i det kollektivet kvar og ein av dei er ein del av.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.