Nytt blikk på gamalt stoff
Sara Aldén er også ein framifrå låtskrivar.
Sara Alden og bandet på jazzfestivalen i Tallin.
Foto: Gethe Maria Eljas
Jazz
Sara Aldén:
There Is No Future
Sara Aldén, vokal; August Björn, tangentinstrument og vokal (4,8); Daniel Andersson, bass og vokal (4,8); Johannes Lundberg, vokal (1); Malin Kjellgren, harpe (1); Hannes Bennich, altsaksofon (2); Johan Björklund trommer (4)
Prophone
Å finna nye vriar på standardrepertoaret er ei velkjend øving. Den svenske vokalisten Sara Aldén gjer nettopp dette på den siste plata si, som vart gjeven ut for nokre månader sidan.
Aldén er ikkje skuggeredd. Ho har valt «Misty», «Someday My Prince Will Come», «Somewhere over the Rainbow», «They Can’t Take That Away from Me» og «What a Wonderful World». Å finna nye innfallsvinklar til eit repertoar som er så velbrukt, er ikkje lett, men Aldén gjer det med bravur. Det er ein styrke ved plata at klassikarane blir kombinerte med ei handfull sjølvlaga låtar.
Aldén gøymer seg heller ikkje bak mangfaldig instrumentarium. Tangentinstrumenta og kontrabassen traktert av Björn og Andersson er med heile vegen, men arrangementa er ofte minimalistiske. «What a Wonderful World» er glitrande døme på den forenkla forma, men den absolutt mest spenstige tolkinga gjer ho av «Misty».
Aldén brukar dynamikk og temposkifte for alt det er verdt. Ho har ikkje ei påfallande mektig stemme, men ho trakkar nokre gonger til heilt på grensa av det røysta toler. Det er noko ærleg og oppriktig i uttrykket.
Samstundes fortel det noko om Aldén som låtskrivar og tekstforfattar at den sjølvlaga tittellåten er eit av høgdepunkta på plata. Låten balanserer på den vidkjende knivseggen mellom det bittersøte og den beiske vonløysa. Sjekk ut Sara Aldén, men det er denne plata som gjeld.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Vladimir Putin har grunn til å vera nøgd med stoda i krigen i Ukraina.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
FN-soldatane er det internasjonale samfunnets gissel mellom Israel og Hizbollah, seier Robert Mood.
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024
Nihon Hidankyo fekk Nobels fredspris i år. Japanaren overlevde atombomba i Hiroshima i 1945.
Foto: Kim Kyung-Hoon / Reuters / NTB