Nytt perspektiv på Fosse
Sinikka Langeland held seg med eit makelaust band.
Thomas Strønen, Mats Eilertsen, Sinikka Langeland, Trygve Seim og Mathias Eick.
Foto: Oddleiv Apneseth / ECM Records
Jazz
Sinikka Langeland:
Wind And Sun
Sinikka Langeland, vokal, kantele og munnharpe; Mathias Eick, trompet; Trygve Seim, tenor- og sopransaksofon; Mats Eilertsen, bass; Thomas Strønen, trommer. ECM
Dikta er spirituelle og opne utan å vera klisjéaktige. Slik grunngav Sinikka Langeland på Kveldsnytt 14. august kvifor ho har valt å arbeida med dikt av Jon Fosse. På den nye plata har ho funne fram til 14 Fosse-dikt. Dikta er henta frå ulike samlingar frå Hundens bevegelsar (1990) til Stein til stein. 39 dikt og 1 salme (2013). Ho har sett tone til og gjeve tekstane eit musikalsk bakteppe som tek vare på det særmerkte i poesien til Fosse.
Langeland har arbeidd med musikk og poesi i fleire tiår. I 1995 gav ho ut plata Har du lyttet til elvene om natta? med Hans Børli-dikt. På The Land That Is Not (2011) er det Edith Södergren og Olav H. Hauge som bidreg med tekstane, og på The Half-finished Heaven (2015) er turen komen til Tomas Tranströmer.
Musikken hennar er djupt forankra i den skogfinske tradisjonen, men ho har jobba med jazzmusikarar i mest heile karrieren sin, så Langeland lèt seg ikkje setja i bås. Ho har laga eit bossa nova-aktig tonefølgje til dikta «Den kjærleik» og «Kvarandre» og leikar seg rytmisk i den blå «minisuiten» «You Hear My Heart Come», og så har ho lånt låten «Velkomen med æra» av Geirr Tveitt til «Eit barn som finst». Hadde ein ikkje visst anna, kunne ein trudd at Tveitt hadde skrive denne melodien til nett dette diktet. Heldigvis har plateselskapet teke med to versjonar av denne låten.
Med Eick, Seim, Eilertsen og Strønen i bandet kan eigentleg ingenting gå gale. Dei gjev farge, fundament og identitet til uttrykket som gjer dei til meir enn medmusikantar. Dei er medskaparar til eit uttrykk som set Fosse-dikta inn i eit nytt perspektiv.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.