Opp- og nedturar
Dvorák Piano Quartet spelar Robert Schumanns klaverkvartettar.
Den tyske romantikaren Robert Schumann (1810–1856) som 29-åring.
CD
Robert Schumann:
Piano Quartets
Dvorák Piano Quartet. Supraphon 2022
«Guddommeleg galskap» – dette omgrepet blei alt nytta av greske filosofar i antikken om kunstnarar som skapte meisterverka sine i ein tilstand av åndeleg ubalanse. Få komponistar høver denne førestillinga betre for enn Robert Schumann, les me i omslagsheftet til det tsjekkiske ensemblet Dvorák Piano Quartets nye album, ein tekst som uvanleg nok er ført i pennen av ein professor i psykiatri, Paul Grof.
Schumanns opp- og nedturar er grundig skildra i biografiane. I det lukkelege året 1840, då han gifte seg med pianisten Clara Wieck i Leipzig, laga han kring hundre komposisjonar. Fire dagar var nok til å skissera ein heil symfoni. Andre år stod det stille. Gjennom heile 1844, til dømes, klarte han ikkje å krota ned ein einaste takt. Det blei stadig tettare mellom depresjonane, og i februar 1854 freista han å gjera sjølvmord ved å kasta seg i Rhinen. To år seinare døydde han på ein psykiatrisk anstalt, 46 år gamal.
Grunnane til Schumanns sinnslidingar er omdiskuterte. Syfilis har vore på tale, men denne sjukdomen nemner ikkje psykiateren Grof i teksten sin. Han trur det var ei bipolar liding som låg til grunn for den guddommelege galskapen.
C-mollkvartetten
Schumanns talent synte seg tidleg, og opningsverket på plata provar kva han som tenåring var i stand til. Klaverkvartett i c-moll har ikkje opusnummer, for etter urframføringa i 1829 la han partituret bort. Den fyrste framføringa av verket i moderne tid kom ikkje før i 1978.
Det er absolutt eit ungdomsverk, skrive i ånda til koryfeane Beethoven og Schubert. Fyrstesatsen «Allegro molto affettuoso» byrjar med tunge mollakkordar, men glir etter få taktar over i det elegante og livsglade. Ein ekte romantisk stil merkar me fyrst i andresatsen «Minuetto, presto», nærare bestemt i den midtre delen av satsen, der celloen får syngja ut ein lengtande melodi. Dvorák Piano Quartet understrekar dette fint i framføringa si.
Ess-durkvartetten
Ikkje før i 1842 laga han eit tilsvarande verk, Klaverkvartett i Ess-dur, op. 47. Dette året (i Schumann-biografiane kalla hans «kammermusikkår») var eit av dei mest produktive: Berre éi veke nytta han på å skissera kvartetten, som er eit av yndlingsverka mine i heile produksjonen hans. Dvorák Piano Quartet byr på ei grunnsolid tolking.
Også her spelar celloen ei viktig rolle. På same måten som i ungdomsverket får dette instrumentet, som blir sagt å liggja mannsrøysta nærast, bera fram ein melankolsk-vakker melodi i tredjesatsen «Andante cantabile». Men ulikt c-mollkvartetten er cellomelodien nær knytt til dei andre stemmene.
Og det er her Schumanns mogne meisterskap syner seg, ved at kvart instrument spelar si heilt spesielle rolle: Ingen ting er uturvande, kvar detalj inngår i den kompositoriske einskapen. Celloen leier an, men han «syr» satsen saman og blir til hovudsaumen i ensemblet.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.