Oppsiktsvekkjande debut
Det skreddarsydde bandet løfter låtane til Inger Hannisdal.
Inger Hannisdal er fiolinist og komponist.
Foto: OK World Records
Folkemusikk / Jazz / Samtidsmusikk
Inger Hannisdal:
North South East West
Inger Hannisdal, fiolin; Khalid Laaouam, altsaksofon og perkusjon; Frode Haltli, akkordeon; Adrian Myhr, bass; Michaela Antalová, trommer. OK World
Denne hausten har bydd på mange gode utgjevingar. Ei av dei som har overraska mest, er debutplata til Inger Hannisdal. Ho har studert arabisk musikk ved Université Antonine i Libanon og vore med i det syriske folkemusikkbandet Assaáleek. Hannisdal er oppteken av mikrotonalitet og asymmetriske groovar og har gjennom dette funne fellesnemnarar i arabisk musikktradisjon og norsk folkemusikk.
Bandet er skreddarsydd for prosjektet til Hannisdal. Haltli spelar kvarttoneakkordeon, og den marokkanske altsaksofonisten Laaouam fraserer perfekt. Dei vare balladane dominerer, men den underliggjande pulsen er aldri langt unna. Myhr og Antalová demonstrerer at diskresjon er ei dygd. Sjølv ikkje i låtar i raskare tempo, som til dømes «Virvler», går dei ut av den diskrete komprolla.
Up-tempo-låtane er med på å gje plata etterlengta variasjon, men det er i balladane Hannisdal syner låtskrivartalent utanom det vanlege. Det er også i desse låtane samspelet i bandet slår gneistar. Døma er mange, men samspelet mellom Hannisdal og Haltli i «Berceuse» og «Glitter» er to eksempel på musikalsk magi som denne plata har overflod av.
Plata er «både et eksperiment i nye tilnærminger til tonalitet, og et kjærlighetsbrev til multikulturalisme», heiter det i presseskrivet, men plata er først og fremst eit knippe glitrande komposisjonar som dannar grunnlag for uhyre interessant og kjenslevart samspel.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.