Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

På fransk maner

Gambisten Rignol tek føre seg av cellolitteraturens pièce de résistance.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
J.S. Bach-bysten i tyske Köthen.

J.S. Bach-bysten i tyske Köthen.

Foto: Sjur Haga Bringeland

J.S. Bach-bysten i tyske Köthen.

J.S. Bach-bysten i tyske Köthen.

Foto: Sjur Haga Bringeland

2576
20210806
2576
20210806

CD

Johann Sebastian Bach:

6 Suites
Myriam Rignol, viola da gamba. Château de Versailles Spectacles, 2021

Eg høyrer til dei som alltid har tykt at Johann Sebastian Bachs (1685–1750) cellosuitar kling fint på gambe. Dette typisk franske strykeinstrumentet heiter korrekt viola da gamba (italiensk for «beinfele»; ein held henne mellom beina). Gamben har i motsetnad til celloen seks- eller sju strenger og tverrband på gripebrettet. I tillegg er han stemd annleis, og ein grip bogen frå undersida, ikkje oversida, som på celloen.

Korleis kling så cellosuitane annleis på gambe? Der er meir overtonar, noko som gjev det høge registeret ein lett nasal klang. Lydstyrken er lågare og artikulasjonen mindre eksplosiv enn på den røffare celloen. Men det gamben manglar i volum, tek han att i finesse. I tillegg er det noko meir naturleg og mindre tvunge over samklangane.

Akkordisk

Dette med samklangar er viktig i suitane. Sjølv om Bach skreiv vakre melodiar, er og blir han ein harmonikar som – med sin organist- og cembalistbakgrunn – alltid tenkte fleirstemt. Den franske gambisten Myriam Rignol må ha gjort seg tankar om dette, for måten ho framhevar akkordane på, er ein styrke ved dobbelalbumet hennar.

Rignol er ikkje den fyrste gambisten som gjev seg i kast med samlinga som i det mest kjende manuskriptet heiter 6 Suites a Violoncello solo senza Basso («6 suitar for cello utan bass», altså solo). Italienaren Paolo Pandolfos snart 20 år gamle innspeling, som er komen i fleire opplag sidan, er for meg den absolutte referanseinnspelinga.

Meir fransk

Det nye albumet gjer ikkje Pandolfo rangen stridig. Likevel byr Rignol på fine tolkingsmåtar av denne fremste pièce de résistance i cellolitteraturen. Suitane blei truleg til kring 1720, medan Bach var kapellmeister ved hoffet i Köthen, nord for Leipzig. Dei er alle bygde opp på same måten, med seks satsar: Fyrst eit forspel, kalla «Prélude», så fem franske dansesatsar av ulikt temperament. Spesielt briljante læt finalesatsane gigue, som er snøgge springdansar.

Det beste ved Rignols tolking er det stilistiske, nemleg korleis ho spelar somme av satsane på spesielt fransk maner. Til dømes minner det plastisk forma akkordspelet hennar i den alvorsame andresatsen «Allemande» i den sjette suiten om raffinert fransk luttmusikk. Med fordel kunne ho aksentuert dette franske meir og oftare – det hadde gjort albumet endå betre.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis