Pop med storbandinnpakking
Tekst og melodi har ikkje nok substans.
Lyder Røed skriv fint for trompet, meiner Lars Mossefinn.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Pop/jazz
Lyder Røed featuring Ojkos:
Freespace
Sofie Tollefsbøl, vokal; Lyder Øvreås Røed, Richard Köster og Tancred Heyerdahl Husø, trompet; Magnus Murphy Joelson, Johannes Fosse Solvang og Andreas Rotevatn, trombone og elektronikk; Henriette Eilertsen, fløyte; Camilla Hole og Tina Lægreid Olsen, saksofon og klarinett; Knut Kvifte Nesheim, vibrafon; Jørgen Kasbo og Arne Martin Nybo, gitar; Edvard Synnes, tangentinstrument; Alexander Hoholm, bass; Ola Øverby, trommer. Jazzland Recordings
Det er vel som venta av eit orkester der medlemene skal vera både instrumentalistar og komponistar, at repertoaret blir mangfaldig. Eg har tidlegare meldt platene til Ojkos med musikk signert Andreas Rotevatn og Knut Kvifte Nesheim. Musikken til Lyder Røed er definitivt ein annan skål. Røed deler frilanskarrieren mellom ulike band som Fieh, Lyder Røed kvintett, Bangkok Lingo, Slow is the new fast og Ojkos.
Dette er først og fremst popmusikk i slekt med det Fieh framfører, men med blåsearrangement. Arrangementa har ein del fine passasjar. Røed skriv fint for trompet. Ikkje spesielt overraskande, det. Det mest interessante er likevel den klangpaletten han utviklar med dei elektroniske instrumenta, vibrafonen og blåsarane. «Remember» er slik sett eit lovande opningsspor.
Når ein likevel raskt misser interessa, er det fordi det er lite eller inkje i tekst og melodi som engasjerer. Tekstane er heilt utan poetisk kraft. Tollefsbøl har heller ikkje ei røyst som tilfører tekstane eit utvida tolkingsrom. Arrangementa er høviske og understøttande, men ikkje noko meir. Røed har eit par fine kor på opningssporet og «Get Back to Me», men det blir berre ei påminning om kva dette kunne ha blitt.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.