Progressiv musikk om personlege so(r)ger
Heimen lagar hypnotisk kunstpop med tekstar om fornorskingspolitikken.
Rock
Heimen:
Historier/Muitalusat – Vi hentes hjem / Mii vižžot ruoktot
Kari Heimen Records
Heimen er eit Tromsø- og Alta-basert band. Musikken, som dei kallar kunstpop, inneheld element frå pop, tradisjonsmusikk og progrock blanda saman med eit aldri så lite islett jazzinspirasjon. Frontfigur Kari Heimen er både trommis og vokalist og kallar seg ein fornorska same. På plata Historier – Vi hentes hjem (eller på samisk Muitalusat – Mii vižžot ruoktot), som kjem ut i dag, 29. oktober, syng ho på norsk og joikar på samisk.
Frode Fjellheim, kjend frå det eksperimentelle jazz-joik-bandet Transjoik, bidreg òg med joik på fire av songane. Bass- og gitarspelet er vove saman med frontfigur Kari Heimens trommespel, norskspråklege song og samiske joik til eit omkransande teppe av lune oddetakter – sjølv når det er utfordrande å telje pulsen, læt det naturleg og stilreint.
Progrock er ofte teatralsk i uttrykket. Musikken til Heimen har eit dramatisk preg, noko som passar godt til tematikken i tekstane. Her får vi høyre personlege soger om konsekvensar av fornorskingspolitikken, og tekstane finst på både norsk og samisk i platecoveret. Det er svært rørande å høyre personlege soger – frå hennar eigen og systera sin oppvekst, om mora som ikkje kunne samtale med besteforeldra på grunn av språkbarrieren, om bestefar som blei tvangssend på kostskule og risikerte fysisk straff dersom han gløymde seg og sa eit samisk ord – om korleis assimilasjonen Noreg hadde som uttala politikk mot samisk folk, kultur og språk, skapte skam og personleg smerte. Dette er ei svært relevant plate.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar, biletkunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.