Prøvesteinen
Beethovens tidlege strykekvartettar innvarsla viljen til å tøya sjangergrenser.
Festivalensemblet Quatuor van Kuijk i Riddarsalen i Rosendal.
Foto: Liv Øvland
Konsert
Ludwig van
Beethoven:
Kvartett og septett
Quatuor van Kuijk; Antje Weithaas, fiolin; Björn Nyman, klarinett; mfl.
Riddersalen, Baroniet i
Rosendal, laurdag 9. juli
«Det er som om ein høyrer fire fornuftige folk samtala», sa Goethe om strykekvartetten, ein sjanger som blei grunnlagd av wienerklassikaren Joseph Haydn og innan utgangen av 1700-talet var opphøgd til den edlaste og mest intellektuelle forma for kammermusikk. Den strengt firstemmige komposisjonsmåten med rein strykarklang (to fiolinar, bratsj og cello) er transparent og avslører straks eventuell komposisjonsteknisk veikskap. Dessutan skal (som skikken er i ein god diskusjon) alle dei fire fornuftige samtalepartnarane få koma om lag like mykje til orde – ei likeverdig handsaming av dei fire instrumentalstemmene krevst.
Wolfgang Amadeus Mozart tok seg førebilete i Haydns meisterverk då han komponerte sine kvartettar. Då Beethoven så kring 1800 fekk i oppdrag av den bøhmiske fyrsten Lobkowitz å levera eit halvt dusin av slaget, visste han om fallhøgda. Kvartettkomposisjon var ein prøvestein for dugleiken til unge komponistar. Etter tre år med hardt arbeid publiserte han i 1801 endeleg sitt opus 18 med dei seks fyrste kvartettane. Dette var hans kammermusikalske sveinestykke: Ikkje berre syner Beethoven her at han meistrar Haydns og Mozarts handverk fullstendig. Han tilfører òg musikken noko spesifikt beethovensk, noko søkjande og heilhuga som innvarsla viljen til å tøya sjangergrenser.
Allegro med eldhug
Me fekk høyra mange av Beethovens strykekvartettar i Rosendal i år, framførte av franske Quatuor van Kuijk. Det var dei store, kompositorisk og emosjonelt kompliserte verka som dominerte. Difor var konserten i Riddersalen førre laurdag eit kjenslemessig pustehol, med to relativt tidlege stykke som begge blei til då komponisten var i slutten av 20-åra, der det elegante og skjemtande formar grunnkarakteren.
Det fyrste stykket var Strykekvartett nr. 6 i B-dur, den siste kvartetten i opus 18. Quatuor van Kuijk spelte fyrstesatsen «Allegro con brio» i friskt tempo og med store dynamiske kontrastar. Formalt er dette er ein av dei klåraste, mest klassiske satsane frå Beethovens hand. Eksposisjonen (der dei to musikalske temaa blir presenterte) er pertentleg som hjå Haydn, melodikken er briljant som hjå Mozart og det tematiske arbeidet i gjennomføringsdelen (der dei to temaa blir varierte og kombinerte) er samvitsfullt utført.
Allegro med skjemt
Av Haydn lærte Beethoven bruken av musikalsk humor. Men medan Haydns skjemt er tørrvittig, tek Beethoven det heilt ut. Me høyrer det i den eksentriske tredjesatsen «Scherzo. Allegro», der ingen av dei tunge slaga i takten er der dei skal vera – dei kjem enten for tidleg eller for seint, i tillegg til at lengda på frasane ofte er akkurat litt for lange. (Prøver du å dansa til han, vil du snubla.) Quatuor van Kuijk spelte satsen i overkant snøgt – i rolegare tempo hadde Beethovens poeng kome tydelegare fram, og artikulasjonen i spelet ville blitt meir nyansert.
Ekte beethovensk er siste-
satsen. Den særs rolege innleiinga med tittelen «La Malinconia» byrjar med linn harmonikk som brått slår over i smertefulle dissonansar, før han går over i sorglaus elegant dansemusikk. Kvifor? Forskarar har tolka det biografisk. Då kvartetten blei komponert, byrja Beethovens høyrsel for fyrste gong å svikta. (Han skulle, som kjent, seinare bli så godt som dauv.)
Orkestral
Frå same tida stammar det lystigaste stykket eg opplevde i Rosendal i år, som òg var mellom dei mest populære i samtida hans: Beethovens Septett i Ess-dur, op. 20, for fiolin, bratsj, cello, kontrabass, klarinett, fagott og horn. Det lét storfelt, for bruken av kontrabass og horn gjer ensemblelyden nærast orkestral.
Den finske klarinettisten Björn Nyman imponerte med varm og lys klang, men mest inntrykk gjorde tyske Antje Weithaas på fiolin. Den kraftige tonen hennar og dei litt rå ansatsane skulle eg gjerne høyrt meir av hjå Quatuor van Kuijks to fiolinistar. (Dei sleppte seg liksom aldri heilt laus). Med Weithaas’ vesle solo i sistesatsen, som verkeleg hadde nerve, slutta denne finaste festivalkonserten.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.