Reint og aksentfritt
Aust-Japans Bach-kantatelag høyrdest ikkje ut som amatørar.
Den nye Paulinerkirche, som blei vigsla i 2017, har ypparleg akustikk.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Konsert
J.S. Bach:
Kantatar
Aust-Japans Bach-kantatelag; Pauliner Barockensemble; dir.: Clemens Flämig
Paulinerkirche i Leipzig, laurdag 8. juni
Til den andre av dei 16 koralkantatekonsertane henta Bachfest eit kor frå hi sida av kloten, nemleg Aust-Japans Bach-kantatelag, som er ei samanslutning av tre japanske amatørkor. Saman med Pauliner Barockensemble, husbarokkorkesteret til Leipzigs universitetskyrkje St. Pauli framførte dei tre koralkantatar. At japanarane er amatørar, kunne ingen høyra, for dei song reint og sterkt og heilt utan aksent. Bach er elles særs stor i Japan. Landet har eit av dei beste Bach-orkestera i verda (Bach Collegium Japan), og Bachfest har kvart år eit talrikt japansk stampublikum.
Sprengd 1968
Universitetskyrkja (kalla Paulinerkirche på folkemunne) er spesiell. Mellomalderkyrkja som stod her på Bachs tid, blei sprengd av kommunistane i 1968. Den nye blei vigsla i 2017. Ho leikar med gotiske formprinsipp, er heilt kvit inni, og det som blei berga av kyrkjekunst før sprenginga, har atter fått plass i koret.
Akustikken er ypparleg til barokkmusikk av typen me fekk høyra sist laurdag. Den fyrste kantaten, Meine Seel erhebt den Herren, BWV 10, er ei tonesetjing av Marias lovsong frå Lukasevangeliet. Denne er meir kjend under det latinske namnet, Magnificat, men Bach har her altså nytta Luthers tyske omsetjing. Melodien som ligg til grunn for opningssatsen, er den gamle gregorianske songen, som dei japanske korsopranane framførte tydeleg med uthaldne notar. I femtesatsen, ein duett for alt og tenor, kjem den gregorianske melodien att, denne gongen på trompet.
Speleglede
Ein ypparleg instrumental duettprestasjon, her mellom solofiolin og fagott, fekk me i tenorarien «Lass mich kein Lust» (Lat meg inga lyst) frå kantaten Ich ruf zu Dir, Herr Jesu Christ, BWV 177. Dei to instrumentalistane, som diverre ikkje var nemnde i programmet, bobla over av speleglede. Saman med tenoren Florian Sievers sørgde dei for konsertens høgdepunkt.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.